Onsdag 21. Februar 2018


 
Anne Persdotter Flugstad og Fred Dalbakk kom frå Hedmark til Dåfjorden med eit program som dei laga til Prøysen-jubileet i 2014. Foto: Kjetil Rydland. 

Bokbåten «Epos» med Prøysen-konsert

Dåfjorden fekk populært besøk fredag morgon, då bokbåten «Epos» la til ved Dåfjorden Slipp, og tok imot elevar og lærarar frå Sælevik skule. Denne gongen med gjester heilt frå Hedmark, som framførte ein Prøysen-konsert. 



Han kom på mange måtar til sine eigne, den tradisjonsrike bokbåten «Epos», då han la til i lag med ein liten armada med veteranbåtar som ligg til reparasjon ved det gamle vervet i Dåfjorden. Bokbåten har segla rundt i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i over 50 år. Den 85 fot lange bokbåten blei bygt ved Fjellstrand i 1963, som den første aluminiumspassasjerbåten i verda.

 


Halvard Øvrevik Skartland frå Selevik skule er spent på kva Anne Persdotter Flugstad har med seg i sekken sin. Foto: Kjetil Rydland.

 

JADA JADA JA - Prøysen og skolen

Vanlegvis har bokbåten med seg eit spesielt underhaldningstilbod når dei kjem innom. På kystturneen sin denne gongen hadde dei med seg gjester heilt frå Hedmark. Anne Persdotter Flugstad og Fred Dalbakk kom frå Hamar, med ei teater-/konsertframsyning som dei hadde laga i høve  Prøysenåret i  2014. Anne og Fred er to allsidige aktører som har samarbeidd i mange år, og dei har framført fleire Prøysen-program for vaksne tidligare.

 
I konsertframsyninga «JADA JADA JA - Prøysen og skolen» er det skulen og skuleelevar som er tema. På programmet stod blant anna dei velkjende songane Helene Harefrøken, Bolla Pinnsvin, Nøtteliten og I Bakvendtland. Her møter me aktuelle tema frå skulekvardagen, som kommunikasjon, meistring, mangfald, farleg skuleveg og mobbing. 

 
Desse temaa kjem fram både i dei oppdaterte og moderniserte songtekstane og friske replikkar innimellom: «Det er farlig å GÅ til skolen. Det er jo så mye trafikk! Ja for alle foreldra kjører unga sine til skolen». «Åffer er du kjærest med hennar a, når det er så mange PENE jinter?». «Jasså så du kjøper klea dine på Cubus du! Mamma kjøpte denne til meg i London. Og den var IKKE på salg for å si det sånn». «Jovisst går unga i uniformer i norsk skole!»

 
Dei to artistane brukte ikkje alle versa i alle songane i den korte skuletimen dei hadde til rådvelde. På refrenga tok dei med ungane. Og Selevik-elevane nølte ikkje, men blei smitta av det gode humøret til artistane, og kasta seg ut i songen der det fall naturleg. 

 
I det intime lokalet om bord på «Epos» låg alt til rette for nærkontakt med det unge publikummet, som som klappa og jubla velvillig. Før dei fylte opp kassar og plastposar med bøker som dei tok med tilbake til kvardagen på Selevik skule.

 

Turné langs kysten

Då «Epos» la til kai ved Dåfjorden Slipp fredag morgon, kom han frå kom han frå Snilstveitøy i Kvinnherad. Dagen før hadde dei òg vore innom småplassar som Onarheim og Ølve. Etter det korte besøket i Dåfjorden gjekk turen vidare til Leirvik og den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu. 

 


Helene Harefrøken hugsa endeleg på leppestiften sin! Foto: Kjetil Rydland. 



Elevane fekk ta på den fine «pelsen» til Helene Harefrøken. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Rektor Elisabeth Kjærland og elevane sikra seg bøker hos bibliotekar Terje Haugsgjerd. Foto: Kjetil Rydland. 



Alise Raudova sikra seg eit par bøker før dei måtte gå tilbake til skulen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Han kom til sine eigne, bokbåten «Epos», då han la til kai ved Dåfjorden slipp fredag morgon. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...
annonse

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...

Årets lokalpolitikar!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland, engasjert KrF-politikar. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik.  Årets lokalpolitikar! På fylkesårsmøtet på Sotra i helga blei Harald Rydland utnemnd til årets lokalpolitikar i Hordaland Kristeleg Folkeparti.

Les meir ...

Handballdamene vann klart over botnlaget

17.02.2018 Kjetil Rydland

Ingvild Rimmereid med seks mål mot Lyngbø. (Arkivfoto)  Handballdamene vann klart over botnlaget Fitjar IL sitt damelag vann ein klar siger 26-19 over Lyngbø, og har dermed fått ei ørlita luke ned...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...