Fleire fitjarfolk hadde teke turen til Leirvik for å vera med på fakkeltoget for forfølgde kristne. Foto: Trygve Eiken

Fakkeltog for forfølgde kristne.

Det var svært mange som trass dårleg vêrmelding – med kuling og regn – møtte opp på Leirvik Torg i går kveld.

Det var appell ved Lisa Winter frå Stefanusalliansen om korleis kristne vert forfølgde i mange land.

Ein av parolane var: Trusfridom ein menneskerett, ein annan: Totalitær nasjonalisme kveler trusfridomen.

Det er ca 230 millionar forfølgde kristne rundt i verda. Mange faklar brann for desse og fakkeltoget gjekk mot kyrkja. Ikkje ein regndrope kom på oss.

I kyrkja var det fleire hundre som fekk med seg ein flott kveld. Tim Peters frå Helping Hand Korea fortalde om kor vanskeleg det er for kristne i Nord-Korea, historier som me mest ikkje kan tru.

- Annonse -

Ei flott handling var lystenning for dei kristne frå land med sterkast forfølging, medan ein song a cappella – eit vers av «We shall overcome», mellom kvart lys som vart tent og land som vart nemnt. 

Samling på Leirvik Torg.  Lisa Winter frå Stefanusalliansen heldt appell. Foto: Trygve Eiken