Mykje god korpsmusikk

Ikkje berre basar, men mykje god korpsmusikk fekk dei med seg dei som fylte Kultursalen i går kveld.

Både Fitjar Musikklag som stod for basaren synte flotte, nye taktar. Noko som gjer at det er særs spennande å følgja utviklinga vidare framover. Ikkje minst fordi Fitjar Skulekorps sin suksess-dirigent, Svein Roger Koppang, no og har teke over som dirigent for Fitjar Musikklag.

Skulekorpset stilte elles med sitt Sotra-program. Programmet som dei skal framføra på det uoffisielle NM-et der om ikkje lenge. Dei spelar no i 2. divisjon, og etter det me høyrde trur me at det er all grunn til å vera optimistiske med omsyn til ei svært god plassering der.

Fitjar Skulekorps i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Kjekk basar
Marknaden er som kjent og ein kjekk basar. Også denne gongen svært bra leia av Terje Træet, som alltid har eit lite smil på lur, og gjerne og treffande replikkar. 

- Annonse -

Tradisjonen tru var det sal av mat og kaffi i foajeen, to rundar med åresal og trekning av «bøker».

Alt i alt ei god oppleving på ein heller sur haustkveld utandørs.

Eit spesielt strikk vert ivrig studert. F.v. Torunn Lillenes og Mari Valborg Træet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Frå gevinst-bordet. Foto: Håkon C. Hartvedt