Laurdag 25. November 2017



Dørene inn til klasseromma på Rimbareid skule var opne, hos 4. klasse med eit kjekt motto. Foto: Kjetil Rydland. 

Rimbareid skule: Fleire hundre gjester på open dag

Rimbareid skule opna dørene for ålmenta i dag, og folk kom i strie straumar for å sjå den 50 år gamle skulen frå innsida.

 

Den største skulen i bygda har nyleg feira 50-årsjubuleum, Rimbareid barne- og ungdomsskule blei teken i bruk til skuleåret 1967-68. sidan den gongen har skulen gjennomgått fleire ansiktsløtfingar, den siste var ferdig i 2014.


Dette har vore ein samlingsplass for bygdefolk i alle aldrar i alle desse 50 åra, men sjeldan har me sett så mykje folk på skulen som i dag. Folk i alle aldrar – frå 0 til 80 år – strøymde til. Og då elev Halvor Livastøl Aga ønskte hjarteleg velkomen, var amfiet i inngangspartiet smekkfullt. Saman med Joakim Stadheim gjorde han ein fin innsats då han presenterte den formelle delen av programmet. 


Foreldre, besteforeldre, tanter og onklar, og andre som nytta høvet til gjensyn med skulen, kunne gle seg over vakker song av elevane. Først song eit kor av 1. til 4. klasse songen "Hjarteslag", som dei hadde øvd inn til den internasjonale veka nyleg. Klasse 10B song "Til ungdommen" til akkompagnement på piano ved Alice Rose Mehammer. 


Dei som ville fekk omvising rundt på skulen ved tre unge MOTivatorar, Rebecca H. Tverborgvik, Victoria M. Maraas og Emilie Skram Isdahl. Turen gjekk rundt i klasseromma, der gjestene fekk sjå på undervisninga. Det såg ut som om dei likte det dei såg. Andre slo seg ned i inngangspartiet og kosa seg med kaffi, rundstykke, vaflar og ein god prat. 


I hallen var eitt av dei mykje omtalte målaria av den kjende kunstnaren Kjell Pahr-Iversen på plass på veggen. Til glede for liten og stor, ikkje minst for oss som har vakse opp med dei to flotte måleria som kom opp då skulen var ny. Ved sida av kunne folk studera gamle bilete av skulen, heilt frå 1860-talet. Og enkelte fann seg sjølv igjen på klassebilete frå ei ikkje fullt så fjern fortid.


Under leiing av lærar Gunn Evy N. Haaland underheldt 5. klasse med jenka og annan dans. Det såg òg ut til at dei greidde å lokka foreldre og besteforeldre med i dansen. 


Interessa for å sjå skulen og skulearbeidet på nært hald overgjekk tydelegvis alle forventningar. Til liks med oss andre var inspektør Thor Gunnar Bakke positivt overraska over storinnrykket. Ja, eg er heilt overvelda! seier han til Fitjarposten. 

 


Koret samansett av 1.–4. klasse syng "Hjarteslag" for eit fullsett amfi. Foto: Kjetil Rydland.

 


Rundstykke, kaffi og saft ventar på gjestene. Foto: Kjetil Rydland.

 


Inspektør Thor Gunnar Bakke gjorde store auge då han såg kor mykje folk som kom. Foto: Kjetil Rydland.

 


Joakim Stadheim og Halvor Aga ønskte velkommen og orienterte om programmet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Dei unge MOTivatorane Emilie Skram Isdahl, Rebecca H. Tverborgvik og Victoria M. Maraas guida interesserte gjester rundt på skulen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Trygve Nesbø og Sivert Hjelmen likte det dei såg av undervisninga i småskulen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


I hallen hadde dei hengt opp ein del gamle bilete, og her har Tor Arve Helgaland funne seg sjølv på eit bilete av 9. klasse 1991/92. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Det er kjekt med open dag, synest Håvard Fitjar og Romante Zemgulyte . Foto: Kjetil Rydland. 

 


5. klasse underheldt med dans i hallen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Gunn Evy N. Haaland og 5. klasse lokkar unge og gamle med i dansen. Foto: Kjetil Rydland.

 


4. klassa laga "monster" til bokmerke då gjestene kom innom klasserommet. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lanserte Fitjarminne etter foredrag om R…

23.11.2017 Kjetil Rydland

Ein kry Magnar Kloster presenterer Fitjarminne 2017. Foto: Kjetil Rydland.   Lanserte Fitjarminne etter foredrag om Rolvsnesbåten Torsdag kveld kom Sindre Nilsen frå Urangsvåg for å halda foredrag om Rolvsnesbåten, før eldsjelene i Fitjar...

Les meir ...

Fitjarbutikkar med superprisar

23.11.2017 Håkon C

Fitjarbutikkar med superprisar Illustrasjon: Stockphoto Førstkomande fredag er Black Friday. Dagen då prisane på mange varer og i mange butikkar vert skrive kraftig ned. Slike supertilbod kjem og butikkar på Fitjar  med...

Les meir ...

Ønskjer seg ein plass for å skru bil

23.11.2017 Håkon C

Martin Budal vonar å finna ein plass på Fitjar der han skru på bilen sin. Foto: Håkon C. Hartvedt Ønskjer seg ein plass for å skru bil Martin Budal frå Bergen begynte...

Les meir ...
annonse

Ny reguleringsplan for Årskog Industriom…

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Mot nord. Foto: Harald Johan Sandvik. Ny reguleringsplan for Årskog Industriområde Planen som vert avløyst er frå 1982.

Les meir ...

Borgarleg vigsel i kommunestyresalen

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Borgarlege vigsler skal gjennomførast her i kommunestyresalen. Ordførar, varaordførar og rådmann har vigslingsmynde. Foto: Harald Johan Sandvik. Borgarleg vigsel i kommunestyresalen Lovendringa gjeld frå første januar.

Les meir ...

Ny rådmann i Fitjar!

23.11.2017 Harald Johan Sandvik

Olaug Haugen, den nye rådmannen i Fitjar. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune. Ny rådmann i Fitjar! Olaug Haugen er formelt tilsett.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Sterk livshistorie frå Fitjar i Sunnhord…

23.11.2017 Kjetil Rydland

Karin Korsvik med ei sterk livshistorie i Sunnhordland årbok 2017, som har fått tittelen "Lengten etter mor. Lengten etter far". Foto: Kjetil Rydland. Sterk livshistorie frå Fitjar i Sunnhordland årbok I år...

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no