Sundag 24. Juni 2018


Mjølkar seg sjølv

Ein månad forseinka på grunn av sein levering av utstyret, kunne Kristoffer Dalen for eit par dagar sidan endeleg leia kyrne inn i det nye fjøset med mjølkerobot. Allereie etter eit par dagar skjønar dei systemet. Kyr er tydelegvis kloke dyr.

– Ja, eg kan seia at alle har lete seg mjølka av mjølkeroboten. Berre i natt ordna halvparten av dei 24 kyrne som er på plass, dette heilt på eigenhand.

– Så det svarar det til forventingane?

– Ja, absolutt. Det er heilt som eg vona på. Eg hadde jo venta det, men å sjå at det fungerer slik som det gjer, er heilt fantastisk, smiler Kristoffer til fitjarposten.no. Og det er sjølvsagt ikkje berre fordi kyrne klarer dette, men og fordi han no kan registrere alt som skjer på dataskjermar.

Datamaskin registrerer all mjølkingaFoto: Håkon C. Hartvedt

Når ei ku ønskjer å verta mjølka, går ho sjølv inn i «båsen» der mjølkemaskina er. Så leitar robotarmen seg fram til spenane ved hjelp av laser, festar seg, og så er mjølkinga i gang. Etter kvart som mjølkestraumen minkar i kvar spene slepp roboten taket i spenen og søkjer seg fram til neste - slik held han fram  til alle spenane har fått gjeve ifrå seg sitt.

Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Kyrne kosar seg i nyefjøsen i Dalen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Foringsmaskin
Det er ikkje berre mjølkroboten som er eit nytt vidunder i fjøset til Kristoffer. Ei anna super nyvinning er foringsmaskinen for høy. Kristoffer kan no køyra inn i fjøset og lempa ein høyball eller fleire oppi ein behaldar. Der vert høyet elta som i ein gedigen kjøkenmaskin for så å bli ført ut i maskinen som kostar og legg høyet fint, og i passande porsjonar, slik at kyrne greitt kan få tak i det. Slikt foringsopplegg utfører maskinen annankvar time.

Kristoffer ved foringsmaskinen. Her er det plass til tre-fire høyballar. Når dei er komne oppi gjer maskinen resten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Her vert høyet elta som i ein kjempemessig kjøkenmaskin. Me kan såvidt sjå knivane. Å detta oppi her er ikkje til å anbefala. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Her er foringsmaskinen i gang. Kostar og legger nytt  høy fint til rette for kyrne. Foto: Håkon C. Hartvedt

Måkerobot
Dei fleste av oss har nok sett sjølvgåande grasklypparar i aksjon. I fjøsen til dalen er det ein måkerobot. Måkeroboten fungerer på liknande måte som den sjølvgåande grasklypparen. Tid  i mellom  tar den seg ein runde og fjerner møk og annan skit, før han går tilbake til basen sin.

Måkeroboten. Foto: Håkon C. Hartvedt

24 mjølkekyr no, snart fleire
Per i dag har Kristoffer 24 mjølkekyr i fjøset, men om nokre dagar kjem det både kviger og stutar. Då vil han ha 90 dyr. – Men det er kapasitet til mange fleire, og når me kjem ut på nyåret vil det truleg vera 45 mjølkekyr her, i tillegg til kvigane og stutane, seier Kristoffer.

No kan kyrne og klø seg på ryggen, på kosten som heng ned frå taket. – Stas, meinte kua i forgrunnen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mest moderne på øya
Nye-fjøsen i Dalen er den mest moderne på øya, og ganske identisk med eit opplegg Kristoffer var og kikka på i eit fjøs ved Gardemoen. – Bortsett frå at dei ikkje dei hadde ikkje foringsmaskin, er det ganske så likt, får me vita.

No er det er fleire andre i Sunnhordland som har liknande opplegg som Kristoffer Dalen, men her på øya er nok Kristoffer den som har det mest moderne opplegget, og slik vil det truleg vera i lange tider frametter.

Heile familen har stått på
Eit slik opplegg gjer seg ikkje sjølv. Kristoffer er ein kar som likar å arbeida, og som har svært mange jarn i elden. Men han innrømer at det har vore knalltøft å koma i mål med dette. – Heile familien har stått på. All innreiinga har me gjort sjølv, men ein like stor utfordring har det vore å fått koordinert alt,  seier han.

Fitjarposten har og tidlegare skrive at heile familien har vore engasjert i denne fjøsen på 1400 kvadratmeter. Eit prosjekt som har gjort at sonen til Kristoffer og kona Randi, Nils Ingmar Dalen, har bestemt seg for å satsa på bondeyrket heime på Fitjar. – Eg er veldig fornøgd med slik det no blir, og eg ser fram til å ta dette nye bygget i bruk, stråla han.

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse