Parti frå Fitjarøyane, utsikt mot Smedholmen. Arkivfoto Fitjarposten / Kjetil Rydland.

Kystsoneplanen: Vurderer klage til Kommunaldepartementet

Ordførar Wenche Tislevoll seier at ho vurderer å klaga den nye nyss vedtekne kystsoneplanen inn for Kommunaldepartementet. 

 

I førre veke vedtok Hordaland fylkesting den omstridde kystsoneplanen, med knappast mogeleg fleirtal. Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe vil klaga saka inn til Kommunaldepartementet, seier han til avisa Sunnhordland.

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll vurderer å gjera det same. Som kjent har eit samrøystes kommunestyre i Fitjar tidlegare i år uttalt seg sterkt kritisk til kystsoneplanen.

Dette er ein plan som legg sterke band på sjøarealet i Fitjar, og gjer det vanskeleg for til dømes Engesund Fiskeoppdrett å utvikla seg. Dagleg leiar Svein Eivind Gilje seier det er krevjande å få utnytta potensialet i konsesjonane deira, og dei treng fleire lokalitetar. Denne kystsoneplanen vernar det meste av sjøarealet i Fitjarøyane. Engesund treng nye sjøareal og kan bli nøydde for å flytta ut av Fitjar kommune.

- Annonse -

– Me vil ikkje kunna utvikla oss, og då vil me forvitra, uttalte ein frustrert Svein Eivind Gilje til Fitjarposten tidlegare i år. 

 
Det var onsdag i førre veke den regionale kystsoneplanen for Sunnhordland og ytre Hardanger var oppe til behandlling i Hordaland fylkesting. Planområdet omfattar sjøareal og strandsone i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Fusa, Jondal, Kvam, Kvinnherad, Stord, Sveio, og Tysnes, og sjøareal i Vindafjord kommune i Rogaland.

 
Trass i sterk motstand blei planen vedteken med røystene til Arbeidarpartiet, MDG, SV, KrF og Raudt. Fleirtalet peikar på at arbeidet med plankart er eit pilotarbeid, og vedtok at planen skal rullerast etter to år, og at kommunane i planområdet skal trekkjast inn i arbeidet.

Blant dei som var imot planen, var Kjetil Hestad frå Arbeidarpartiet. Då planen var oppe til behandling i Hordaland fylkesting førre onsdag, røysta han likevel for, skriv Tysnesbladet

Ordførar Wenche Tislevoll seier til Fitjarposten i dag at det ikkje er avgjort korleis Fitjar kommune kjem til å reagera, men dei vurderer altså å klaga til Kommunaldepartementet.