Elevane ved Selevik skule syng på «Open dag» i førre veke. Foto: Selevik skule. 

Open dag på Selevik skule

I førre veke skipa Selevik skule til «Open dag», og fekk inn 8766 kroner til TV-aksjonen, fortel rektor Elisabeth Kjærland.

 

– I år fekk me inn kr 8 766 på «Open dag», fortel ein nøgd rektor på Selevik skule. Desse pengane går til UNICEF og årets TV-aksjon «Læring i krig».


Elevane ved Selevik skule førebur «Open dag». Foto: Selevik skule.

Dei som kom på «Open dag» torsdag i førre veke fekk høyra elevane syngja; og dei kjøpte «lopper», lynlodd, elevprodukt, «tipp» til tippeglaset – og god mat i kafeen. Stemninga var god, og det såg ut som dei besøkande kosa seg. 

- Annonse -

 

Tippeglaset var i år fylt opp med 136 drops og karamellar, og det var faktisk ingen som tippa rett tal. Så dei måtte trekka blant dei som hadde tippa 135 og 137 – og då var det ein kjekk gut i 4. klasse som vann årets tippeglas.

 

Rektor Elisabeth Kjærland vil retta ein takk til alle foreldre for god hjelp til å gjennomføra «Open dag» – med baking av kaker og bollar, premiar og «lopper».  – Utan Dykk hadde me ikkje fått det til! 

 

Me gratulerer både lærarar, elevar og foreldre med ein flott innsats. 

 


Godt utval av bakst på arrangementet. Foto: Selevik skule.