Sundag 22. Oktober 2017



Elevane ved Selevik skule syng på "Open dag" i førre veke. Foto: Selevik skule. 

Open dag på Selevik skule

I førre veke skipa Selevik skule til "Open dag", og fekk inn 8766 kroner til TV-aksjonen, fortel rektor Elisabeth Kjærland.

 

– I år fekk me inn kr 8 766 på "Open dag", fortel ein nøgd rektor på Selevik skule. Desse pengane går til UNICEF og årets TV-aksjon "Læring i krig".


Elevane ved Selevik skule førebur "Open dag". Foto: Selevik skule.


Dei som kom på "Open dag" torsdag i førre veke fekk høyra elevane syngja; og dei kjøpte "lopper", lynlodd, elevprodukt, "tipp" til tippeglaset – og god mat i kafeen. Stemninga var god, og det såg ut som dei besøkande kosa seg. 

 

Tippeglaset var i år fylt opp med 136 drops og karamellar, og det var faktisk ingen som tippa rett tal. Så dei måtte trekka blant dei som hadde tippa 135 og 137 – og då var det ein kjekk gut i 4. klasse som vann årets tippeglas.

 

Rektor Elisabeth Kjærland vil retta ein takk til alle foreldre for god hjelp til å gjennomføra "Open dag" – med baking av kaker og bollar, premiar og "lopper".  – Utan Dykk hadde me ikkje fått det til! 

 

Me gratulerer både lærarar, elevar og foreldre med ein flott innsats. 

 


Godt utval av bakst på arrangementet. Foto: Selevik skule. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Temakveld om misjonærane Arne og Dorthea…

21.10.2017 Håkon C

Fred Ola Bjørnstad og Johanne Øvstebø Tvedten får du både sjå og høyra i Fitjar kyrkje på torsdag. I tillegg  vert det orgelmusikk av organist Ole Jørgen Furdal.  
Temakveld om misjonærane...

Les meir ...

Få med deg meteorsvermen i helga!

20.10.2017 Kjetil Rydland

Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia Få med deg meteorsvermen i helga! Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er...

Les meir ...

Kveldaseta gav viktig bidrag til UNICEF

19.10.2017 Kjetil Rydland

Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland. Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis...

Les meir ...
annonse
annonse

Dagens fugl: Steinskvett

19.10.2017 Kjetil Rydland

På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland. Dagens fugl: Steinskvett På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter...

Les meir ...

Friidrettsavslutning

18.10.2017 Kjetil Rydland

Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går.  Friidrettsavslutning I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

Les meir ...

Mange nesten-ulykker grunna manglande re…

18.10.2017 Håkon C

– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk Dette er ein årleg gjengangar, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Berga plassen i 5. divisjon!

21.10.2017 Kjetil Rydland

 Så kjekt er det å berga plassen i divisjonen, synest reservekeeper og hjelpetrenar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland.  Berga plassen i 5. divisjon! A-laget til Fitjar sikra seg ny kontrakt i 5...

Les meir ...