Sondre Fitjar nr. 2 frå høgre framme, med gutelaget frå Sunnhordland. Foto: Privat. 

Fitjarspelarar i soneturnering

Søndag 8. oktober gjekk den årlege soneturneringa for 13-åringar av stabelen med ei jente og ein gut frå Fitjar på banen. 

 

Turneringa blei arrangert på Follese på Askøy, og heile åtte jentelag og ti gutelag med spelarar frå heile Hordaland målte krefter i ei rekkje gode kampar. 

 
På jentelaget til sone Sunnhordland stilte Linnea Vestbøstad, og på gutelaget stilte Sondre Fitjar. Turneringa er ein viktig arena for uttak av seinare kretslagsgrupper. Spelarane som blei tekne ut til denne turneringa, har vore med på ei rekkje treningar i dei ulike sonene i regi av NFF Hordaland.

Både gute- og jentelaget frå Sunnhordland gjorde det godt. Gutane frå vann tre kampar og tapte ein, medan jentene vann alle kampane sine. Linnea Vestbøstad spelte spiss og scora to mål i første kampen. Ho stod over kamp nummer to og spelte midtstoppar den siste kampen.

- Annonse -

 
Våre spelarar skal ha gjort det bra, men konkurransen er hard, og det skal bli spennande å sjå om dei to Fitjar-spelarane får sjansen til å vera med vidare.


Sone Sunnhordland vann alle kampane sine (Linnea med nr. 2 på ryggen). Foto: Privat.

 


Sone Sunnhordland. Linnea Vestbøstad bak, nr. 3 frå venstre. Foto: Privat.

 


Sondre Fitjar midt på biletet. Foto: Privat.