Måndag 11. Desember 2017



Bjørg Strømme og andre sentrale bygdekvinner i Fitjar under ein aksjon for norsk landruk i januar i år.Arkivfoto FP/KR.

Ja til norske grønsaker!

– Det du har på ditt middagsfat har ringverknader som strekkjer seg langt ut over det enkelte måltidet. Difor vil vi i Hordaland Bygdekvinnelag slå eit slag for norske grønsaker, seier leiar Bjørg Strømme.

 

Bjørg Strømme er leiar i Hordaland og har sendt oss denne pressemeldinga i høve Verdas matvaredag 16. oktober: 

For det første bør vi eta mer grønsaker av omsyn til helsa vår. Ei ny helseundersøking slår fast at 1 av 4 har fedme, og at eit mindretal av den vaksne befolkninga er normalvektige. Å auka inntaket av grønsaker gjev ein enorm helsegevinst. 5 om dagen kan førebyggje overvekt, diabetes type 2, hjartesjukdom og visse former for kreft.

For det andre er det positivt for klimaet å velje norske grønsaker. Norsk grønsakproduksjon har eit lågt klimaavtrykk. I tillegg har vi gode føresetnader for å dyrka grove grønsaker som kål, løk og rotgrønsaker i Noreg. Med rett lagring kan dei lagrast i mange månader, og etast året rundt. Ved å velja desse, og andre typar norske grønsaker, kan du bidra til å redusera unødig lange transportetappar frå jord til bord med tilhøyrande klimabelastning.

For det tredje bør du velja norske grønsaker med tanke på Noreg sitt bidrag til det globale matfatet. Vi blir stadig fleire folk i verda, og alle må ha mat. FN sitt berekraftmål seier, blant anna, at vi skal jobba for betre ernæring og fremja berekraftig landbruk. Noreg kan bidra ved å produsera mest mogeleg næringsrik, trygg og god mat til eiga befolkning med utgangspunkt i våre naturgitte føresetnader.

16. oktober er det Verdas matvaredag, og vi i Hordaland Bygdekvinnelag vil bruka dagen til å feira dei norske grønsakene. Om du, som oss, er opptatt av å eta sunt, norsk og kortreist inviterer vi deg til å vera med, og seia: Ja til norske grønsaker!

Hordaland Bygdekvinnelag
Bjørg Strømme

 

Bjørg fortel at dei lokale eldsjelene i Fitjar Bygdekvinnelag er klare til å markera Verdas matvaredag i Fitjar førstkomande måndag. 

 

Aksjonen "Ja til norske grønnsaker"

Norges Bygdekvinnelag vil auka kunnskapen om og bruken av norske grønsaker. På Verdas matvaredag 16. oktober vil Bygdekvinnelaget og Gartnerhallen setja søkelyset på norske grønsaker som ei trygg, sunn og god norsk råvare.

Saman med kjendiskokk Harald Osa har dei laga ei eiga oppskrift på suppe. På aksjonsdagen vil over 130 lokale Bygdekvinnelag stå utanfor sin nærbutikk og dela ut meir enn 7500 posar med råvarer til grønsakssuppa.

Grønsaksuppe med raudbetar à la Harald Osa Ingrediensar til fire porsjonar

2 raudbetar
2 mellomstore løkar
2 gulrøter
2 mellomstore poteter
1 persillerot
eit blad grønkål
ei klype tørka timian
1 laurbærblad
salt

Slik gjer du:

1. Vask og skrell alle grønsakene. Skjer rødbetar, løk, gulrøter, poteter og persillerot i terningar. Fjern den grove stilken på grønkålen og skjer blada i tynne strimler.

2. Ha alle grønsakene, unntatt grønkålen, over i kjele og tilset vatn så det dekkjer grønsakene godt. Tilset timian, laurbærblad og smak til med salt når det kokar. La suppa småkoka i 15-20 minutt til alle grønsakene er møre. Tilset grønkålen rett før servering.


Tips

Server gjerne med godt flatbrød og ei skei rømme i tallerken. Ønskjer du litt meir fylde og kjøttsmak, kan du gjerne koka med 4-6 skiver bacon kutta i terningar eller eit par røykte pølser i bitar rett før servering. Ein kan også koka suppa med ein terning buljong. Ei grønsaksuppe kan varierast i det uendelege.

Raudbetane i denne oppskrifta gir suppa smak og ikkje minst farge, og kan gjerne utelatast til fordel for ein ¼ liten kål eller ein god bit med rotselleri i terningar. Prøv deg frem til nettopp di favorittsuppe og hugs at ei spiseskei eddik i suppa til slutt løftar smaksopplevinga.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no