Anders Halleråker Strand kan sjå tilbake på ein god sesong. Arkivfoto FP/KR.

Anders nr. 3 i NMK-meisterskapet

 

Anders Halleråker Strand har etablert seg i toppen i den største crosskartklassen, og har blitt nummer 3 samanlagt i NMK-meisterskapen.

Den lokale føraren vår i crosskart 650 ccm har vist stabilt god køyring heile denne sesongen. Resultat av dette viste seg då dei offisielle listene over årets NMK-meisterskap blei offentleggjorde på nettsidene til Norsk Motor Klubb.

 

I klassen 650 ccm er Anders Halleråker Strand heilt oppe på 3.-plassen, bak den suverene NM-vinnaren Even Heggelund frå Valdres, og Pål Rye Smørsteen frå Tønsberg. 

- Annonse -

 

Som førar i Strand Motorsport er Anders med i NMK Vikedal. Klubben hans har fått to andre pallplasseringar i årets NMK-meisterskap. Bjørn Cato Aarekol har gått heilt til topps i den nest minste crosskartklassen (125 ccm), og Daniel Holten gjekk til topps i rallycross.

 

Me gratulerer Anders og klubbkameratane hans med dei flotte prestasjonane. 

 

Resultat frå NMK-meisterkapet 2017

650 ccm crosskart
1. Even Heggelund, NMK Valdres
2. Pål Rye Smørsteen, NMK Tønsberg
3. Anders Halleråker Strand, NMK Vikedal

125 ccm crosskart
1. Bjørn Cato Aarekol, NMK Vikedal
2. Robin Grana Sandane, NMK Grenland
3. Thomas Ek Murstad, NMK Notodden

Rallycross
1. Daniel Holten, NMK Vikedal
2. Fredrik Ågedal, NMK Konsmo
3. Jonas Dalseth Jacobsen, NMK Hålogaland