Den nye boka. Foto: Harald Johan Sandvik.

Boklansering på Osternes bedehus torsdag denne veka

Tittelen på boka er «Søte salige Sunnhordland – ei bok om bedehus, basar og gode kaker».

 

Otto Ersland er redaktør og gir ut boka på sitt Kapabel forlag. Han har gitt ut mange bøker med tema frå distriktet vårt, og denne gongen er fokus sett på bedehuskulturen, med hovudvekt på mattradisjonane som har høyrt til.

 

Jane Særsten Jünger, Astrid Elin Lønning og Ingvild Sjo er skribentar, og dei har oppsøkt personar som sit inne med oppskrifter på kaker, lefser, smørbrød og dravle! Nettopp dravlen er grunnen til at lanseringa er lagt til Osternes bedehus. Her har dravle vore fast innslag på basarane sidan tidleg på 50-talet. Anbjørg fortel i boka korleis dravle skal kokast.

- Annonse -

 

Sjå annonse annan stad på fitjarposten.no.

 

Du er hjarteleg velkomen til å kjøpa boka, og til å smaka kaker, smørbrød, lefser og dravle frå boka sine oppskrifter.