Nokon av dugnadsgjengen ved stabelen av “bruer”. Foto: Svein A. Birkeland

Vellukka dugnad

Søndag hadde Stord – Fitjar Turlag dugnad oppe ved Svartavatnet.

– Over 20 “bruer”, dvs. plankar med not påmontert, skulle leggjast ut på dei våtaste partia på stien i vestenden av Svartavatnet. Og når frammøtet i det fine veret var ganske bra, vart jobben gjort på litt over to timer. Så no kan ein nesten gå tørrskodd her uansett ver. Det skriv nestleiar og leiar i tur- og dugnadsgruppa i Stord Fitjar turlag, Svein A. Birkeland til fitjarposten.no, og forset:

– Det vart og lagt ei lita bru her ved utløpet, flott murt opp av Olav Øvrebø. Den skal snarast bli fastmontert, men vart testa og godkjent av turgåarar som var ute på stien.

Testen av brua er gjort, og muraren Olav Øvrebø ser me  til høgre. Foto: Svein A. Birkeland

- Annonse -

Turlaget vil elles få takke Tore Sigurd Fitjar som har skaffa og skore materialar, lånt ut garasjen sin for monteringa av “bruene” og også køyrt det heile til fjells. No gjenstår “berre” siste “finishen” av gapahuken, så er også det kapitelet over for denne gong …

 

 Heile gjengen har matpause. Foto: Svein A. Birkeland

«Bruene” som no er lagt inn over stien ved Svartavatnet. Foto: Svein A. Birkeland