Sundag 24. Juni 2018


Nokon av dugnadsgjengen ved stabelen av “bruer”. Foto: Svein A. Birkeland

Vellukka dugnad

Søndag hadde Stord – Fitjar Turlag dugnad oppe ved Svartavatnet.

– Over 20 “bruer”, dvs. plankar med not påmontert, skulle leggjast ut på dei våtaste partia på stien i vestenden av Svartavatnet. Og når frammøtet i det fine veret var ganske bra, vart jobben gjort på litt over to timer. Så no kan ein nesten gå tørrskodd her uansett ver. Det skriv nestleiar og leiar i tur- og dugnadsgruppa i Stord Fitjar turlag, Svein A. Birkeland til fitjarposten.no, og forset:

– Det vart og lagt ei lita bru her ved utløpet, flott murt opp av Olav Øvrebø. Den skal snarast bli fastmontert, men vart testa og godkjent av turgåarar som var ute på stien.

Testen av brua er gjort, og muraren Olav Øvrebø ser me  til høgre. Foto: Svein A. Birkeland

Turlaget vil elles få takke Tore Sigurd Fitjar som har skaffa og skore materialar, lånt ut garasjen sin for monteringa av “bruene” og også køyrt det heile til fjells. No gjenstår “berre” siste “finishen” av gapahuken, så er også det kapitelet over for denne gong ...

 

 Heile gjengen har matpause. Foto: Svein A. Birkeland

"Bruene” som no er lagt inn over stien ved Svartavatnet. Foto: Svein A. Birkeland

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse