Tirsdag 22. Mai 2018



Dan Torbjørnsen i spissen for årets 7-fjellstur i Fitjar nærmar seg Dalshaugane. Foto: Kjetil Rydland.

Fin tursøndag

Fitjarbuen har blitt velsigna med ein aldeles nydeleg søndag, og folk har valfarta til fjells. 


I dag blei den årlege 7-fjellsturen i Fitjarfjellet avvikla med moderat deltaking. Dagens tøffe turmarsj starta på Dalshaugane søndag morgon i 8-tida, før nattefrosten hadde sleppt taket. – Det var ein heilt nydeleg morgon, fortel turleiar Vidar Larsen, som kunne mønstra 20 deltakar då dei starta frå Dalshaugane i retning Melen.



GPS-en til Vidar Larsen ved målgang på Dalshaugane. Foto: Kjetil Rydland.


Då me møtte dei igjen nesten ni timar seinare, var det berre elleve vandrarar igjen. – Me har hatt avskalling undervegs, fortel Vidar Larsen. Men ingen har blitt att i fjellet, alt har gått smertefritt og greitt utan skadar eller uhell av noko slag. Dei som ikkje fullførte, nytta høvet til å gå heim midt i løpet utan dramatikk av noko slag.
 

GPS-en til Vidar Larsen viser at turen var 25,9 km lang, og dei brukte ni timar og fem minutt på turen. Dan Torbjørnsen fortel ved målgang at han har gått 44000 skritt i dag. Etter det med kunne sjå då me møtte den spreke gjengen ved Tveitaelva eit lite stykke ovanfor start og mål på Dalshaugane, hadde alle dei gjenverande stått distansen uforskamma godt. Og var særs fornøgde med den flotte turen i uvanleg lagleg vêr. 


Turen gjekk som vanleg over Melen, Klovskar, Kongsskogbrunene, Litlasåto, Grønafjellet, Tindane og Kidno. I tillegg var dei oppom det høgaste punktet i Fitjar, ein topp som førebels har fått namnet "Jarlenuten". Den ligg nærnare Mehammarsåto, rett ved kommunegrensa, og er 677 moh. på kartet, men kontrollmålingar i dag kantyda på at han er endå litt høgare. 



Lorentze Waage, Johannes Tufteland og Stig André Maraas har vore både på Melen og Klovskar i dag. Foto: Kjetil Rydland. 


Malvin og Tormund Gerhardsen på veg heim etter ein tur i Botn og over Klovskar. Foto: Kjetil Rydland.


7-fjellsvandrarane var slett ikkje dei einaste som nytta det vakre turvêret i Fitjarfjellet i dag. Eit lite stykke ovanfor Tveitakleiv møtte me på utflytta fitjarbu Malvin Gerhardsen. Han hadde gått opp langs Botnavatnet, forbi den store steinen i Botn før han gjekk over Klovskar og heim att. På Melsmyrande møtte me ein annan utflytta fitjarbu, Jarle Henriksen, saman med kona, Jannecke Monsen, og bikkja. Dei hadde vore ein tur inn til elva som går over Melsmyrane før dei snudde.


Ved Svartavatnet har ein dugnadsgjeng lagt plankar på den våte stien på nordsida. Me vil prøva å koma tilbake med bilete frå denne stien. 

 


Jarle Henriksen vaskar jakthunden Ask i Tveitaelvo etter dagens tur. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...
annonse

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse