Tirsdag 22. Mai 2018



Hektiske sluttminutt på Fitjar-graset laurdag ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.

A-laget tapte for Follese

Fitjar tapte 2-4 i ein jamn kamp mot Follese laurdag ettermiddag, etter personlege feil og marginar som gjekk feil veg.

 

Heimekampen mot Follese var så absolutt ein kamp Fitjar kunne ha vunne, sjølv om gjestene stilte eit relativt temposterkt lag. Men klare personlege feil i forkant av fleire av bortelaget sine mål blei avgjerande, og Follese kunne reisa heim med 4-2-siger og tre poeng. 

 

Kampen i det fine spelevêret begynte bra for Fitjar, og dei tilreiv seg eit visst overtak mot gjestene frå Askøy. Det var derfor ikkje heilt ufortent at Fitjar kunne gå opp til 1-0 etter 20 minutts spel. Dagens Fitjar-spiss, Rezhwan Kadir, fekk ballen utanfor hjørnet av 16-meteren, snudde og drog ballen med seg. Det relativt harde skotet gjekk i ein fin boge opp i vinkelen på motsett side. Eit av dei finaste Fitjar-måla me har sett sidan Victor Aga scora mot Bremnes i 1992!

 

Den jamne førsteomgangen ebba ut med ei fortent 1-0-leiing til heimelaget, etter fleire brukbare tilbod til begge lag. Men andre omgang skulle ikkje bli gammal før det begynte å butta imot for heimelaget. Allereie etter to minutt var det klart for 1-1. Scoringa kom ved lagkaptein Helge Stølen, som møtte eit fint innlegg frå høgrekanten, og scora sikkert frå kort hald. Og fire minutt seinare var same Stølen på ferde igjen. Han utnytta eit heilt umotivert balltap midt på Fitjar sin banehalvdel, gjekk gjennom og scora utakbart for dagens Fitjar-keeper, Trond Henriksen. Vel 10 minutt seinare var kampen meir eller mindre avgjort, då Follese-kapteinen fulførte sitt hat trick, og gav laget sitt 3-1. Denne gongen fekk han veldig god plass i feltet til Fitjar.

 

Fitjar gav likevel ikkje heilt opp, og dei tre innbytarane Jonas Yang Tislevoll, Arild Fitjar Waage og Jonas Aleksandersen sette fart i heimelaget. Fitjar tok litt meir over, og etter vel 70 minutt reduserte toppscorar Jan Åge Tislevoll til 2-3. Det opna seg sjansar i begge endar av banen, og Fitjar kunne faktisk ha berga eitt poeng. Knapt fem miunutt før slutt prøvde Fitjar-trenaren seg med eit nytt trippelbytte, men taktikken betalte seg ikkje like godt denne gongen. Sjølv om han sette inn den tidlegare toppscoraren Thomas Vestbøstad Waage, som me ikkje har sett på banen på eit år.

 

I dei hektiske sluttminutta fekk Fitjar frispark, men det gjekk til motspelar, og Follese kunne kontra inn 4-2 og siger. Dermed måtte Fitjar innsjå at dei framleis er i den yttarste poengnaud. Laget heldt spelemessig godt følgje med sympatiske og relativt sterke motstandarar. Men dei gjorde akkurat mange nok feil til å tapa kampen. På heimelaget var spissen Rezwan Kadir positiv, spesielt i første omgang. det same var den andre målscoraren, Jan Åge Tislevoll.

 

Dagens kamp var den eine av tre heimekampar som Fitjar burde vinna for å berga plassen i 5. divisjon. No bør dei vinna dei to neste heimkampane, mot Nordnes og Askøy FK. Neste kamp er komande helg, laurdag 14. oktober, mot nedrykksklare Nordnes. Årets siste seriekamp går av stabelen søndag 29. oktober i Hustrudalen mot Solid, som sikra seg opprykk til 4. divisjon i dag.

 

 


Det begynte godt, og her kan keeper Trond Henriksen jubla for 1-0-scoringa til Rezhwan Kadir. Foto: Kjetil Rydland.

 


Jan Åge Tislevoll scora som vanleg mål for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Emil S. Fitjar spela ein ny bra kamp for Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Jonas Yang Tislevoll sette fart i Fitjar-angrepet då han kom innpå midt i andre omgang. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Fitjar–Follese 2–4 (1–0)
Fitjar Idrettspark
Laurdag 7. oktober kl. 14.00
Seriekamp 5. divisjon avd. 01 Hordaland
Dommar: Roar Wold, Søfteland
Publikum: 74

Mål: 20. min. 1-0 Rezhwan Kadir, 47. min. 1-1 Helge Stølen, 56. min 1-2 Helge Stølen, 60. min. 1-3 Helge Stølen, 71. min. 2-3 Jan Åge Tislevoll, 89. min. 2-4 Bendik Ribe Haffnes. 

Gult kort: Kim Lund Thormodsen, Follese.

Fitjar sitt lag: Trond Henriksen, Emil S. Fitjar, Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Bernt Ove Maraas (Svein Arne Jordan Raunholm 86.), Øyvind Fykse Lie (Jonas Aleksandersen 67.), Markus H. Tislevoll (Arild Fitjar Waage 67.), Leander W. Reigstad (Jonas Yang Tislevoll 67.), Marius H. Storebø (Goff Artsamai 86.), Jan Åge Tislevoll  (Thomas V. Waage 86.), Rezhwan Kadir (Daniel Skarpnes 73.). 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

På handballfestival i strålande pinstivê…

19.05.2018 Kjetil Rydland

Kjekt på Handballfestivalen; f.v. Elisabet, Elise, Runar Øvrebø (gymlærar for jentene), Tomine og Andrine.  På handballfestival i strålande pinstivêr Hanballfestivalen på Stord er i full gang i ideelt festivalvêr, og Fitjar er...

Les meir ...

Harald Rydland sin tale på 17. mai

18.05.2018 Kjetil Rydland

Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018 Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra...

Les meir ...

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16…

18.05.2018 Kjetil Rydland

Pinseaftan: Butikkane stengjer klokka 16! I morgon er det pinseaftan, og då stengjer daglegvarebutikkane klokka 16.00.

Les meir ...
annonse

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevy…

18.05.2018 Jonas Sætre

Ho vil erstatte Terje Træet i sommarrevyen Anne Marith Sandhåland erstattar Terje Træet i årets sommarrevy. Terje Træet melder avbod til årets sommarrevy i Fitjar grunna helsemessige årsaker.

Les meir ...

Friluftsgudsteneste 2. pinsedag

18.05.2018 Kjetil Rydland

Frå friluftsgudstenesta 2. pinsedag i fjor. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste 2. pinsedag Det blir frluftsgudsteneste 2. pinsedag i år òg, får me opplyst i ei pressemelding frå Fitjar kyrkje.

Les meir ...

Tradisjonell 17. mai på Hageberg

18.05.2018 Kjetil Rydland

Geir Raunholm smiler lurt under quizen på Hageberg på 17. mai. Foto: Kjetil Rydland. Tradisjonell 17. mai på Hageberg Mellom 30 og 40 strandarar møttest til leik og song på Hageberg skule...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Litt fleire terner i år?

20.05.2018 Kjetil Rydland

Terna går inn for landing. Foto: Kjetil Rydland.  Litt fleire terner i år? I mai set makrellternene sitt preg på fuglelivet i Havn med sin karakteristiske vellyd, og det kan sjå ut som...

Les meir ...
annonse