Sundag 22. Oktober 2017


 
Stien langs Svartavatnet er våt, ikkje berre i regnvêr. Arkivfoto FP/KR,

Dugnad i fjellet

Førstkomande søndag blir det dugnad ved Svartavatnet, fortel Svein A. Birkeland i Stord Fitjar Turlag til Fitjarposten, og ber oss få plass til ei lita påminning.

 

Søndag 8. oktober skal Stord Fitjar Turlag gjera dugnad på Fitjarfjellet. Det er om lag 20 "bruer", dvs. plankar som er montert saman og har fått not oppå så ein ikkje skal gli. 

 

Desse vert køyrt på førehand opp på Midtfjellet. På søndag skal ein så bera dei inn mot myrane ved Svartavatnet, slik at stien her ikkje vert så altfor fuktig å gå på dei næraste åra. 

 

Det er Toralf Røen som har samla troppane og fått utført jobben på førehand, og Turlaget ved nestleiar Svein A. Birkeland som saman med han skal prøva å få jobben gjort søndag.

 

Dei ber medlemmer og andre turinteresserte møta ved Olstjødno oppe i Vindparken kl. 10.00 søndag og seier velkomen til fjells i vonleg flott haustver, slik det jo er meldt!

 


Ved utløpet av Svartavatnet er det ikkje lett å koma tørrskodd over. Arkivfoto FP/KR.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Temakveld om misjonærane Arne og Dorthea…

21.10.2017 Håkon C

Fred Ola Bjørnstad og Johanne Øvstebø Tvedten får du både sjå og høyra i Fitjar kyrkje på torsdag. I tillegg  vert det orgelmusikk av organist Ole Jørgen Furdal.  
Temakveld om misjonærane...

Les meir ...

Få med deg meteorsvermen i helga!

20.10.2017 Kjetil Rydland

Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia Få med deg meteorsvermen i helga! Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er...

Les meir ...

Kveldaseta gav viktig bidrag til UNICEF

19.10.2017 Kjetil Rydland

Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland. Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis...

Les meir ...
annonse
annonse

Dagens fugl: Steinskvett

19.10.2017 Kjetil Rydland

På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland. Dagens fugl: Steinskvett På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter...

Les meir ...

Friidrettsavslutning

18.10.2017 Kjetil Rydland

Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går.  Friidrettsavslutning I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

Les meir ...

Mange nesten-ulykker grunna manglande re…

18.10.2017 Håkon C

– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk Dette er ein årleg gjengangar, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Berga plassen i 5. divisjon!

21.10.2017 Kjetil Rydland

 Så kjekt er det å berga plassen i divisjonen, synest reservekeeper og hjelpetrenar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland.  Berga plassen i 5. divisjon! A-laget til Fitjar sikra seg ny kontrakt i 5...

Les meir ...