Sundag 24. Juni 2018


Brannbilar, brannsprøyte og mykje folk på Årskog i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

Store og små koste seg på Brannstasjonen

FItjar Brannvesen kan gle seg over godt besøk av både store og små då dei tradisjonen tru arrangerte branndag ved brannstasjonen i Årskog i går. Mange var også godt førebudd. Det gledde Johan Nilsen i brannvesenet.

– Ja, denne gongen fekk me meldingar på at folk har sjekka brannvarslarane sine, og ein del har og prøvd ut sikringstiltak, smiler Nilsen når me bed han om ein kommentar under arrangementet.

Han føler at dei har nådd fram med bodskapen, og det årlege arrangementet er jo og ei påminning om kor viktig det er å vera førebudd om den raude hanen skulle gale. – Det er viktig at ein på førehand har snakka om kva ein skal gjera om det skulle oppstå brann midt på natta og ein har soverom i 2. etasje.

Å ha ein røykvarslar i kvart rom er ein god start, og å ha røykvarslarar på alle soverom er det viktigaste. No har ein og mogeleg til å skaffa seg røykvarslarar med trådlaus seriekopling.

Johan Nilsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Borna koste seg
Elles er jo Open dag på Brannstasjonen først og fremst borna sin dag. Å få vera med på å sprøyta med den store brannsprøyta er framleis ein innartiar for dei aller minste. Stas er det og å få sitja i brannbilen. Og som tidlegare vanka det gratis pølser, vaflar og hjelm til alle.

Vesle Elias på 2 år assisterer Christer Innvær med brannsprøyta. Mamma Ailin Korsvik følgjer med. Foto: Håkon C. Hartvedt

Berre i løpet av den første timen delte dei ut 50 hjelmar til born - eit godt mål på interessa for dette arrangementet.

Markus Thomassen med vaffel med masse godt syltetøy. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse