Sundag 24. Juni 2018



Løpebanen i Fitjar Idrettspark er merkt på nytt, og lovande ungdommar i nye Fitjar-drakter har teke banen i bruk igjen. Foto: Kjetil Rydland.

Idrettsbanen klar til bruk igjen

Dekket på banen i Fitjar Idrettspark blei reingjort og måla på nytt i sommar, og no er banen klar til bruk, etter at merkinga er ferdig.

 

I går stadfesta Tore Nesbø i Fitjar kommune at løpebanen i Fitjar Idrettspark er klar til bruk etter den store overhalinga. Og i går ettermiddag var friidrettsundommane i full aktivitet på den nystrigla løpebanen. Tore Nesbø seier at dette er første gongen det har blitt gjort ei slik fornying av banen sidan han stod ferdig med fast dekke sommaren 1994. 


Banen har blitt delvis djupnereingjort fleire gonger; det må til for å ta vare på spensten i dekket, seier Tore Nesbø. Men ei fullstendig reingjering, sprøyting av nytt dekke og merking har ikkje vore gjort på 23 år. No var dette heilt nødvendig for å verna og forlengja levetida til anlegget. Arbeidet med rehabiliteringa av banedekket har kosta om lag 1,2 mill. kroner, fortel Tore Nesbø. 



Latviske arbeidarar sprøyter nytt dekke på banen 22. august. Foto: Kjetil Rydland.

 

– Om lag 20 år ser ein på som levetida på eit slikt banedekke, seier friidrettstrenar Bård Inge Bø, då må toppdekket fornyast. 

Han er storfornøgd med den nystrigla friidrettsbanen, stadfestar han overfor Fitjarposten. I går føremiddag var han oppe på banen, som ein lokal Gisle Tjong, og fann nokre ting som han sakna. 

– Men eg måtte jammen leite, seier Bård Inge, og eg er storfornøgd, dette kan friidrettsfolket i høgste grad leva med, og vel så det!


På spørsmål om han trur det har noko å seia for friidrettsrekrutteringa, seier Bård Inge Bø:

– Ein kan jo håpe på ein Warholm-effekt, og ny bane må telje positivt.


Han legg til at no skal vi truleg få oss eit kastbur også, så då nærmar vi oss ei komplett bane. Kanskje vert det arrangert eit stemne om eit år eller to? Bø stadfestar at det ikkje er kastburet som me hadde på den gamle Fitjar idrettsplass, som skal flyttast opp. Dei er i ferd med å søkja om pengar til eit nytt kastbur, etter det me forstår. 

 


Geir Tore Søreide køyrer over grasmatta med ei piggete tromle, men det skal nok litt meir til for å få banen tilbake til den stand han var i. Foto: Kjetil Rydland.

 

Når det gjeld grasmatta, skal det nok litt meir til enn reingjering og måling. Det har krope mykje meitemark i Fitjar-graset sidan mars 1995, då Ole Gunnar Solskjær og Åge Hareide kom flyborne frå Molde for å spela treningskamp på den beste grasbanen i Noreg. Truleg må eit tjukt lag jord fjernast frå banen, og eit nytt lag med masse leggjast på om me skal få banen like god som han var for 20 år sidan. 

 

Tore Nesbø minner om at kostar pengar å halda eit idrettsanlegg i god stand. Derfor bør folk respektera skilta ved inngangen til banen, der det er sett forbod mot syklar, mopedar og hundar. Brukarane bør bidra til at anlegget blir teke vare på på beste måte. 

 


Nystelt friidrettsbane freistar både friidrettsfolket og oss andre. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse