Sundag 27. Mai 2018



Ole André Stokken nytta Skytingens dag til å skyta med kaliber 6,5 for første gong. Foto: Kjetil Rydland.

Skytingens dag med låg deltaking

Fitjar Skyttarlag skipa til Skytingens dag på skytebanen i Årskog i går.

 

I konkurranse med andre aktivitetar nådde ikkje skyttarane heilt opp i godvêret søndag ettermiddag. I helga var det fotballcupar både her og der, og det nydelege vêret trekte sikkert potensielle skyttarar ut i marka utan våpen. Derfor var det langt færre skyttarar på plass enn under Skytingens dag i fjor, då heile 30 skyttarar møtte opp. 


Men dei ungdommane som kom, fekk god plass på skytebanen og god instruksjon. Standplassleiar var Geir Raunholm, medan Nils K. Rydland og Anita Bakkane var medhjelparar. Svein Erik Vik sørgde for datakommunikasjonen. 


På standplassen låg fem unge skyttarar då me kom innom. Mia Volden (12) og Lars Sigurd Tufteland (10) skaut kaliber 22. Dei har alt drive med skyting i fleire år, og oppnådd gode resultat. Ruben Kristoffer Tufteland, Ørjan Larsen og Ole André Stokken skaut med kaliber 6,5. Sistnemnde er 14 år og skaut med kaliber 6,5 for første gong. 

 

Etter skyting fekk alle utdelt diplom av leiaren i Fitjar Skyttarlag, Anna-Bodil Hestenes Tislevoll. Du kan lesa meir om Skytingens Dag på nettsidene til Det frivillige Skyttervesen.


– Velkommen til å ta kontakt om de ynskjer å skyta, seier Anna-Bodil til slutt.

 


Standplassleiar Geir Raunholm ser til at alt går rett for seg. Foto: Kjetil Rydland.

 


Alle deltakarane fekk diplom og medalje for innsatsen i går. Foto: Kjetil Rydland.

 


Anna Bodil H. Tislevoll med teikningane av den nye miniatyrskytebanen som Fitjar Skyttarlag vil gå i gang med så snart dei har finansieringa i orden. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse