Måndag 11. Desember 2017



Det blei mykje makrell å vega for Vidar Larsen i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Jamne duellar i Fiskefestivalen

Me fekk fleire jamne duellar i Fiskefestivalen, der 102 fiskarar til saman drog opp 280 kilo fisk. Ikkje minst i juniorklassen frå båt, der berre eit halvt hekto skilte dei to beste.

 

Det littsure vêret la ingen synleg dempar på humøret til festivalfiskarane då dei drog ut på feltet i dag. Som i fjor frakta Nils Agasøster stongfiskarane ut til Fodno, Matløyso og Nese, medan båtfiskarane fann fram til favorittplassane i nærområdet.


Me har sett større fiskemengder før, men spennande blei det om dei fremste plassane og dei flottaste premiane. Mest spennande blei det i juniorklassane, både frå båt og frå land. I båtklassen gjekk Salomon Rüger av med sigeren, med totalt 7,55 kg. Han slo nestemann med berre 50 gram! 

 
Salomon Rüger med fine premiar og bevis på at han har vunne juniorklassen. Foto: Kjetil Rydland. 


Men andremann i juniorklassen blei på mange måtar dagens mann likevel. 14-åringen Tommy Strand fekk 7,5 kg totalt. Dette var nokre store, fine hyser, og den største av dei var 2,75 kg, som var dagens største fisk uansett klasse. For denne flotte fiskekakehysa fekk Tommy dagens mest attraktive premie, ein flott, dyr drill, gitt av Fitjar Mekaniske Verksted AS. 

 


Tommy Strand med mykje gode råvarer til bestemor sine fiskekaker. Den største hysa var dagens største fisk, og gav den stolte fiskaren den flottaste premien. Foto: Kjetil Rydland.

 

Med seg i båten hadde han pappa Tor Bjarte og onkel Geir Ingolf Strand, som ikkje nådde heilt opp i seniorklassen. Dei vil ikkje heilt ut med kor dei drog opp alle desse fine hysene. – Det var i "Hysehålo", seier Geir Ingolf. No skal dei store fiskane bli til fiskekaker, lovar den gamle storfiskaren Nina Irene Strand. – Når ho lagar fiskekaker, har eg lyst å eta, seier dagens storfiskar, Tommy Strand, som har vore med fire gonger, og aldri vunne noko før i år.

 


Marius Pedersen t.h. vann juniorklassen, medan fjorårets tredejamann, Ole MortenSkumsnes, nr. to frå venstre, steig tomhendt om bord i båten til Nils Agasøster i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

 

I juniorklassen med stong blei resultatet nokså magert. Marius Pedersen stakk av med sigeren med ein liten pilt på 0,25 kg, nokre gram betre enn andremann, Mads Mikal Drønen. Fleire fiskar blei det ikkje i junorklassen; fjorårsvinnar Bjørn Inge Skumsnes kom heilt tomhendt om bord på båten til Nils Agasøster, etter to timar i heimtraktene til slekta på Nese.

 

I seniorklassen var det meir kjende namn i toppen, både på land og sjø. Fjorårsvinnaren John Karsten Raunholm vann stongklassen med 7,70 kg, eit ganske beskjedent resutat mot fjorårets 14,2 kg. Skulesjefen vår gjekk i land på Matløyso og fekk den største stongfisken i dag, på 2,35 kg. Den gamle ringreven Rune Aarbø blei nummer to i klassen, med 6,85 kg på Nese. Han har vunne klassen tidlegare; då har han stått på Håskjeret, men der går dei ikkje til lands lenger. – Hadde eg kome meg ut på Håskjeret, hadde du snakka med vinnaren no! seier Rune til Fitjarposten etter konkurransen.

 


Rune Aarbø hevdar seg alltid i toppen, men det blei for mange makrellar og for lite lyr på han i dag. Foto: Kjetil Rydland.

 

I seniorklassen frå båt vann stordabuen Arnfinn Eriksen ein klar siger, nesten 15 kilo føre fjorårsvinnaren Idar Volden Mjønes. Som på si side slo far sin, Jostein Mjønes, med kanpt ein kilo. Den gamle storfiskaren Oddvin Grindevik har gått i land, og han deltok i stongfiske frå land på Fodno. 

 


Ein glad Arnfinn Eriksen frå Stord med fine premiar for førsteplassen. Foto: Kjetil Rydland.

 

 
Oddvin Grindevik t.v. og dei andre stongfiskarane som gjekk i land på Fodno. Foto; Kjetil Rydland. 

 


Aage Konglevoll nådde ikkje heilt opp i sin første start i Fitjarfestivalen, men ser brukbart fornøgd ut med fangsten. Foto: Kjetil Rydland.

 


Christer Korneliussen med dagens fangst. Foto: Kjetil Rydland.

 

RESULTAT FRÅ FISKEFESTIVALEN 2017

 

Stong senior

1. John Karsten Raunholm  7,70 kg           
2. Rune Aarbø                     6,85 kg
3. Kristian Skumsnes           4,95 kg
4. Ingmund Bjordal              4,30 kg
5. Oddvin Grindevik            3,35 kg
6. Inger Skumsnes              3,05 kg
 

Stong junior

1. Marius Pedersen             0,25 kg
2. Mads Mikal Drønen         0,20 kg

  

Båtfiske senior 

1. Arnfinn Eriksen            33,15 kg
2. Idar Volden Mjønes     18,60 kg
3. Jostein Mjønes            17,90 kg
4. Geir Grov                     16,55 kg
5. Vidar Spissøy              14,00 kg
6. Wendy Engelsen         12,15 kg

 

Båtfiske junior

1. Salomon Rüger          7,55 kg
2. Tommy Strand            7,50 kg
3. David Rüger               7,40 kg
4. Elias Westerheim       7,00 kg   
5. Leana Sonja Riise      6,45 kg


Størst fisk frå land 

John Karsten Raunholm  2,35 kg 


Størst fisk frå båt

Tommy Strand                 2,75 kg

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no