Sundag 24. Juni 2018


Frå førestillinga i Kultursalen i føremiddag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fullt hus på barneteater

Det nærmest aula inn med born då Pratmakarteateret inviterte til barneteater i Kultursalen kl 12.00 i dag.

Det var mest ikkje så det var plass til alle som kom. Men stolane var trekt tilbake, og borna sette seg tett i tett, så plass til alle vart det.

Kva fekk dei då sjå og høyre. Jo, det fekk sjå fire unge utruleg dyktige skodespelarar som ved å spele på seg sjølve, og svært enkle hjelpemiddel, fekk fram utruleg mange situasjonar - og tankar om identitet. Ikkje minst handla den delen som Fitjarposten fekk med seg: «Hvem er Wilhelm?» om det.

Til å begynne med fengde framføringa alle. Borna sat som tende lys, og det var både smil og latter innimellom. Musikkinnslag krydra òg framføringa på ein svært positivt måte. Men stykket varte lenge, og etter kvart datt nok dei minste av. Me trur no at det er rett som det stod i førehandsreklamen at stykket passe best for born mellom sekt og 13 år. I dag var det mange som var yngre enn det til stades. Summa summarum trur med likevel at dei hadde det gøy. I alle fall periodevis.

Foto: Håkon C. Hartvedt

 Pratmakarteateret skal uansett ha takk for ein svært flott førestilling - og at salen vart fylt til dei grader av born til ein teaterførestilling, er mest utruleg. 

Foto: Håkon C. Hartvedt

Song og musikkinnslag var det og. Foto: Håkon C. Hartvedt

Meir om Pratmakarteateret
Pratmakarteateret er ei friteatergruppe på fire: Olav Børreson Fossdal, Vilde Bodsberg, Ida Nordskaug, Thomas Gallagher og Petronella Ibsen-Børnick.  Alle held på å utdanne seg ved Nord Teaterhøyskolen (gamle HiNT). Dei nyttar ein fysisk teaterform, og  både masker og nokre dukketeater-element i førestillinga.



 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse