Laurdag 17. Februar 2018



Tveitakjerringa heiter Lucianne Rijpkema og er med på Fitjarfestivalen for første gong. Ho har med seg geitost frå Tveit på Tysnes. Foto: Kjetil Rydland.

Både nye og meir velkjende andlet i bodgata

Ein runde i bodgata på Fitjarfestivalen viste at det er eit par nykomarar blant dei meir kjende gjengangarane.

 

Fredag ettermiddag tok me ein runde i bodgata, og helste på eit par nykomarar. Men dei fleste har vore med på Fitjarfestivalen fleire gonger før.

Nedanfor kan du sjå kven som er å finna i bodgata i år.

 


Arne Tjelmeland med Sunnhordland Antirust er ny mann i bodgata. Han sel antirustprodukt og timebestilling på rustbehandling av både personbilar og større køyretøy. Foto: Kjetil Rydland.

 


Joar Hope med "Det beste fra norsk landbruk", spekepølse, fenalår, saft, eplemost og honning frå Onar Westerheim. Foto: Kjetil Rydland.

 

John Arvid Skumsnes sel eigne bilete og arbeid av ymse norske og utanlandske kunstnarar. Kollega i Sogelaget Marta E. Helland er med og sel Fitjarminne. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Divert Lahn-Johannessen kjem frå Bergen med smykke, mykje av dette har ho kjøpt på Bali, og noko har ho designa sjølv. Foto: Kjetil Rydland.

 


– Me blir her i morgon og, seier Rasmus Fitjar, og lurer på om det skulle vera ei hytte. Kråko sjøhytteområde plar vera representert kvart år. Foto: Kjetil Rydland.

 


Kari i Kjøde frå Bergen og Kråko smakar på brunosten som Torhild Andersen og Tone Koløen har ysta på Øvrebygda skule.  "Hogste Gardsmat" sel rabrabrasyltetøy, hjorteleverpostei og skotsk høylandsfe frå Kementsbrekko. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Er du interessert i brukt og antikk, kan du snakka med søstrene Ingrid Larsen og Reidun Vikøren. Foto: Kjetil Rydland.

 

Fitjar Gardsmat med Sverre Sæterbø, Oddvar de Fine og Margareth Tislevoll starta opp til Fitjarfestivalen i fjor. Dei har fitjarpølso, spekeskinke og mykje anna godt. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Anne Tolås er sommarvikar i Engesund Fiskeoppdrett, som har smaksprøver av gravlaks og varmrøykt aure. Ho sel begge delar i tillegg til naturell aure. "High five" med Matheo Artsamai. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Korpsmusikk og publikum fylte Kultursale…

15.02.2018 Kjetil Rydland

Fitjar skulekorps spela frå ABBA-programmet som dei skal framføra i april. Foto: Kjetil Rydland.  Korpsmusikk og publikum fylte Kultursalen Vakker korpsmusikk, kaffi og god kaffimat og ikkje minst veldig god stemning fekk dei...

Les meir ...

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfe…

15.02.2018 Jonas Sætre

Kokk tek over leiaransvaret for Fitjarfestivalen Inger Elin Helland har hatt ansvaret for maten under Fitjarfestivalen i mange år. No er ho valt som ny festivalleiar.

Les meir ...

Teiknspråk engasjerer!

14.02.2018 Kjetil Rydland

Teiknspråklærarane Eli-Sigrun Wiik og Ellen Rolfsnes i aksjon på kurset i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland. Teiknspråk engasjerer! I januar og februar har ein gjeng ivrige fitjarfolk vore med på...

Les meir ...
annonse

Fleire innstilte ferjeavgangar

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ferjevgangar frå Sandvikvåg i morgon tidleg er innstilte. Foto: FP-arkiv/KR Fleire innstilte ferjeavgangar På grunn av tekniske vanskar er fleire ferjeavgangar frå Sandvikvåg torsdag føremiddag innstilte. 

Les meir ...

Sjå «Den 12. mann» med tekst

14.02.2018 Kjetil Rydland

Ole Bergesen lovar ikkje raud løpar og sprudlevatn, men førstkomande søndag kan alle som var på kinopremieren få sjå filmen «Den 12. mann» på nytt utan å betala. Foto: Kjetil Rydland.  Sjå...

Les meir ...

Olav Oma til Stord

13.02.2018 Kjetil Rydland

Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.  Olav Oma til Stord Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Quiz for historiebøkene!

17.02.2018 Kjetil Rydland

Jostein Siglen med fingeren på bildet av seg sjølv på gårsdagens bildequiz, laget hans var det einaste som ikkje kjende han igjen på bildet. Foto: Kjetil Rydland. Quiz for historiebøkene! Fredagskveldens quiz...

Les meir ...