Sundag 24. Juni 2018



Folkemusikaren Sigrid Moldestad i Fitjar kyrkje i går. Foto: Kjetil Rydland.

Sigrid Moldestad fekk den nynorske salmeskatten til å skina

Den kjende folkeartisten Sigrid Moldestad og musikarar frå øvste hylle gledde publikum med ei glitrande framføring av nynorske salmar i gråvêret i går kveld.

 

Tradisjonen tru starta Fitjarfestivalen torsdag kveld med konsert i kyrkja. Også denne gongen med artistar av beste merke, den kjende folkeartisten Sigrid Moldestad med band. På konserten «Sova under englevakt i stova» hadde ho med seg musikarar frå øvste hylle. 

 

Kjende musikarar

Kåre Opheim er ein særprega trommemusikar frå Voss. Kyrkjemusikar Sigbjørn Apeland kjenner salmeskatten godt, og har spelt med Sigrid Moldestad i fleire år. Men mest kjend og merittert er den engelske musikaren B.J. Cole, som kom flyboren frå London. Den rolege og hyggelege engelskmannen har samarbeidd med blant andre Elton John, Uriah Heep og Sting. 

 


Sigrid Moldestad med musikarar frå øvste hylle, f.v. engelskmannen B.J. Cole, Kåre Opheim og Sigbjørn Apeland. Foto: Kjetil Rydland.

 

Fekk salmeskatten til å skina

Saman med musikarane i bandet sitt gav Sigrid Moldestad publikum eit ugløymande møte med den nynorske salmeskatten vår. Eit publikum på vel 200 – inkludert dei trufaste temakveldgjestene våre frå Stord – visste å setja pris på den sjeldne musikalske prestasjonen. Men her kunne med fordel vore litt meir ungdom, sjølv om Hrafn Thorsteinsson har eit festivalprogram med fleire gode tilbod til ungdommen. Når så ufatteleg gåverike artistar er til stades, trur me dei ville nådd folk i alle aldrar. Sigrid Moldestad imponerer både med røysta si og ein eineståande musikalitet. 

Saman gav Sigrid Moldestad og bandet hennar eit takknemleg publikum ei sjeldan oppleving. Salmar av dei gode, gamle salmediktarane våre Anders Hovden og Elias Blix, blei framførte saman med fleire nye salmar. Og publikum applauderte villig og høgst fortent. Enkelte gonger nådde dessverre ikkje teksten heilt opp på galleriet, og det var synd. Men alt i alt var dette ein strålande prestasjon, som me seint vil gløyma.

 

 Innføring i salmetradisjonen 

Innimellom framføringa av dei ulike salmane fortalte Sigrid Moldestad litt om den den nynorske salmetradisjonen. Ho nemnde mellom anna fyrste gongen ein salme vart sungen på nynorsk i ei kyrkje – den gongen det framleis var forbode! Dette store brotsverket fann stad i Lårdal i Telemark i 1884, på fyrste juledag.

Songen som vart sungen i kyrkja den dagen, var «No koma Guds englar». Først eit knapt knapt tiår seinare, i 1892, blei landsmål som kyrkjemål godkjent i Noreg. Og den første nynorske salmeboka kom i 1925.

 

– Det var vent ... 

Sigrid Moldestad siterer kva Torkjel Oftelid sa etter den epokegjerande kyrkjesongen i Lårdal i 1884: «Folk song og meinte det var vent, og det gjekk vel». Det same kan me seia om konserten i går kveld.

Konserten blei avslutta med fleire vakre kveldssalmar. – I den tida vil lever i no, er det ingen grunn til å slutta å be kveldsbøner, meinte Sigrid Moldestad.

Ho framførte på strålande vis favorittsalmen sin, «I vester soli glader», til ein folketone frå Eid, før konserten blei avslutta med den mest kjende av alle kveldssalmane «Fager kveldsol smiler».

Det var ikkje mykje sol å sjå i går kveld, men det er å tru at konserten gav hjartefred og ro til dei som var til stades.                                                                                         

  


Den kjende engelske musikaren B.J. Cole på pedalsteel kom flyboren frå London for å vera med på konsertane til Sigrid Moldestad. Foto: Kjetil Rydland.

 


Den kjende kyrkjemusikaren Sigbjørn Apeland spelte for det meste på trøorgel, men her trakterer han det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...
annonse
annonse

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Lunsjkonsertar i kyrkja

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar kyrkje med nytt orgel. Foto: Jan Overweg Lunsjkonsertar i kyrkja Kantor Jan Overweg byr på tre lunskonsertar i kyrkja i sommar, den første i morgon, laurdag.

Les meir ...
annonse