Måndag 11. Desember 2017


«På tur i Kambodsja»

Fredag 11. august kl. 18.00 opnar fotoutstillinga «På tur med Alma i Kambodsja» ved Adrian Særsten Digernes i Galleri Losjen. 

Utstillinga som er ein del av Fitjarfestivalen vert opna av varaordførar Agnar Aarskog. Det vert underhaldning og lett servering.

I ei pressemelding i samband med utstillinga kan me lese at Adrian Digernes Særsten har nyleg hatt avgangsutstilling ved Oslo Fotokunstskule. Han har tidlegare mellom anna hatt utstilling på Oslo S, og Galleri Losjen. Saman med tanta si Haldis Særsten, som driv hjelpeorganinsasjonen Alma-M, reiste Adrian til Kambodsja og dokumenterte korleis livet var der. I oktober reiser Adrian tilbake til Søraust-Asia.

Litt meir om prosjektet
«Omtrent 1/4 av Kambodsjas befolkning blei drepne under Pol Pot's regime på slutten av 70-talet. Halvparten av kambodsjanarane er under 25 år. Det er fleire organisasjonar som bidrar med å betre levesituasjonen i Kambodsja, der i blant Alma-M. Alma-M er ein organisasjon som er driven av initiativtakar Haldis Særsten.

Alma-M arbeider målretta for å skape eit fundament for betre oppvekst og utvikling i Kambodsja. Alma-M er registrert som ein frivillig organisasjon, og gjennom fadderordning og donasjonar vert det i dag betalt skulegang for 60 barn. 56 jenter og 4 gutar. I tillegg gir Alma-M hjelp til sjølvhjelp til nokon av foreldra.»

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no