Måndag 21. August 2017



Vidar Larsen og Jarle Nesbø på det høgaste punktet i Fitjar, "Jarlenuten", 677 moh. I det fjerne, rett bak Vidar, skimtar me Litlasåto. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar rundt - ein fin og kortreist ferie!

Godvêret førre helg nytta Jarle Nesbø til ein spesiell tur som han truleg er åleine om å ha gjennomført, han følgde kommunegrensa til Fitjar heilt rundt til sjøs og til lands, i kajakk og til fots.

 

"Ein fin og kortreist ferie" kallar Jarle Nesbø den spesielle turen, som han gjennomførte over tre dager i det sjeldant fine vêret førre helg. Dei to første etappane gjekk i kajakk frå Dåfjorden gjennom Fitjarøyane og forbi Sandvikvåg og Strando til Mehammar saman med kona, Monica Eide. Etter padleetappane takka Monica for seg, og Jarle måtte henta inn nytt turfølgje. Valet fall på Vidar Larsen og Fitjarposten sin sportsreporter.

 


Monica Eide passerer Klamsholmen, det vestlegaste landpunktet i Fitjar kommune. Foto: Jarle Nesbø. 

I kajakk frå Dåfjorden gjennom Fitjarøyane

Jarle og Monica stara ut fredag morgon for to veker sidan ved den gamle Rydlandssago, der Tinnselvo renn ut i Dåfjorden, ved kommunegrensa mellom Fitjar og Stord. Dei padla under Dåfjordbrua og passerte Fitjar sitt sørlegaste punkt ved Brandaneset i utløpet av Dåfjorden. 

 

Deretter følgde dei kommunegrensa gjennom Fitjarøyane på vestsida av Ålforo, Nattarøya, Tverderøy og Klamsholmen, som er det vestlegasste landpunktet i Fitjar. Vidare gjekk ferda ut i Selbjørnsfjorden nord for Eggholmsskjera og nordvest til Stokksneset. Til saman padla dei ei strekning på ca. 40 km første dagen, før dei sette opp telt og overnatta på Stokksneset. 

 


Nordre Eggholmsskjeret. Foto: Jarle Nesbø.



Forbi det nordlegaste landpunktet i Fitjar og sørover Langenuen

Laurdag morgon pakka dei telt og utstyr, og sette kajakkane på sjøen igjen. Dei tok ein liten tur nord for Raudholmane, som er nordlegaste landpunkt i Fitjar, før dei passerte innløpet til Sandvikvåg og tok ein eksotisk tur forbi hummarparken i Ferøysundet. 


Etter ei ferd på rundt 14 km enda dei opp der kommunegrensa går, nedanfor Skifteshaugen nær Skipavikjo mellom Eide og Mehammar. Dette er det austlegaste landpunktet i Fitjar. Etter at Jarle hadde hatt landkjenning akkurat på kommunegrensa i sjøkanten, padla dei tilbake til Eide, der kajakkane blei tekne i land, og dag to blei avslutta.

 


Jarle Nesbø på E39 ved kommunegrensa. Foto: Kjetil Rydland.

 

Strabasiøs fjelltur langs kommunegrensa

Monica hadde ikkje lyst til å vera med over fjellet, men Jarle fekk tak i topp motiverte turfolk til å vera med på den siste etappen. Det viste seg snart at Vidar Larsen var den sprekaste av dei to, og eg forstår enno ikkje korfor eg ikkje kvidde meg på førehand. 

 


Jarle Nesbø og Vidar Larsen i buskane nedanfor E39 tar ut kursen på GPS langs kommunegrensa. Foto: Kjetil Rydland. 


Turen opp frå E39 på Mehammar var eit blodslit, spesielt i byrjinga. Her er det ingen stiar å følgja, men eitt og anna hjortetrakk hjelper litt på. Turen gjekk vidare oppover langs Tverrelva. Etter at me var komne over tregrensa, begynte det å gå lettare. Oppe i høgda er det fint turterreng, og me tok ein liten tur oppom det høgaste punktet i Fitjar på 677 moh. "Jarlenuten", som me kalte denne toppen i mangel på andre kjende, offisielle namn, ligg mellom Mehammarsåto og Litlasåto, berre nokre få meter vest for kommunegrensa.

 

Herfrå går kommunegrensa i botnen av Dyrdal ned til Kongsskogvatnet, og gjennom dette vatnet. Her måtte me ta turen rundt på vestsida av Kongsskogvatnet og følgja den merkte stien til utløpet av Inste Sølivatnet. Her "juksa me altså ørlite", men ikkje mykje. Me kryssa elva mellom Inste og Ytste Sølivatnet og klarte å halda oss så nokolunde ved kommunegrendsa i det svært ulendte terrenget på søraustsida av Ytste Sølivatnet. Her er det ei mektig utsikt frå dei nakne knausane som er eit slags svar på den meir kjende Trolltunga. Denne utsikta er det nok berre hjorten og ein og annan jeger som har glede av, her er sjeldan folk.

 

Kampen mot klegg og andre innpåslitne insekt heldt fram forbi Nedre Hedledalsvatnet og Gavlavatna, før me tok peiling på Prestavarden. I Gavlavatnet greidde eg å drukna to telefonar i eit fatalt fall, der eg gleid på ein stein og hamna i olvelte uti vatnet. Heldigvis var det varmt både i vatnet og i vêret, så det var berre å bita tennene saman og gå på til kleda tørka. Kommunegrensa går mellom Ørnakulten og Prestavarden og rett ned til Morkavatnet, og langs Morkaelva til denne renn saman med Tinnselva ved Flona. Me følgde Tinnselva – eller Saelva som me ofte seier – ned til utløpet i Dåfjorden. Og Jarle var tilbake til utgangspunktet, der han starta fredag morgon.

 

Traseen har kanskje ikkje blitt gått sidan 1969

Dette er heilt klart ein turtrasé for spesielt interesserte, og me tvilar på om den har blitt gått av mange før oss. Og turen kjem neppe til å bli nokon "slager". Sist gong traseen heilt sikkert blei gått, var i 1969. Då blei heile traseen merkt før flyfotograferinga i samband med arbeidet med økonomisk kartverk.


Me tok oss ikkje tid til å leita opp alle merka langs kommunegrensa, me gjekk på GPS. Men grensa er merkt med korsar i stein og fjell. Dette arbeidet blei gjort i 1896, og er omtalt i "Storskifte Stord Fitjar 1888–1911", utskrift av Storskifteprotokollane:


"År 1896 den 9. juli var kommisionen samlet i Lars Olsen hus på gård Tveite i Fitjar, bestående af dens faste medlemmer, hvor da protokolleredes den i tidsrommet fra 26 f.m. til 4 d.m. satte grændse mellom Stords præstegjæld og Fitje præstegjæld i det fælles fjeld (sognelinien)."


Den nemnde Kommisionen blei sett ned ifølgje Kongeleg Resolusjon i 1888 til utskifting av utmarkssameiga på Stordøya. Grensa er nøye skildra, det er hogge inn korsar heile vegen. Me kan ikke ta med alt, men her kjem eit lite døme: "... derfra SV til V 158 m. til X hugget oppe på en liten berghump, derfra SO til S 19 m. til X hugget på en liten bergskuffe i øvre kant af et selvgjerdenede bergbråt i Dyrdal, derfra VSV efter samme bergbråt (ca. 100 m. langt, men ikke målt), til X hugget oppe på et lidet bergnæb ved den vestlige ende af bråtet, derfra SV til V 436 m. nedover Dyrdal til X hugget i lavt berg ...

Me tok oss ikkje tid til å finna desse merka langs grenselinja. Det får bli ein annan gong, men då bruker me nok meir enn 10 timar.

 

 


Den tyngste delen av turen er gjennomført, i linjetraseen mellom Børtveit og Midtfjellet tok me pause for å studera kartet. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Kommunegrensa går ned gjennom Dyrdal. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Eitt og anna moltebær fann me, men traseen går ikkje gjennom dei beste moltemyrane på øyo. Foto: Kjetil Rydland.

 


Jarle bunkrar i utløpet av Inste Sølivatnet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Flott utsikt over Ytste Sølivatnet mot Ovbygdo og Fitjarøyane i det fjerne. Foto: Jarle Nesbø. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Finpussar forma føre Stord rundt

19.08.2017 Kjetil Rydland

Stein Helge Simonsen blant favorittane føre morgondagens Stord rundt. Foto: Kjetil Rydland.  Finpussar forma føre Stord rundt I morgon er det Stord rundt, og om lag 100 syklistar i den skarpaste klassen...

Les meir ...

Fitjar vann 6-2 over Halsnøy

18.08.2017 Kjetil Rydland

Jan Åge Tislevoll scora to mål mot Halsnøy, sjølv om han blir avvinka for offside etter denne flotte headinga. Foto: Kjetil Rydland. Fitjar vann 6-2 over Halsnøy Kampen mot Halsnøy enda i målfest...

Les meir ...

Opnar haustsesongen mot Halsnøy

17.08.2017 Kjetil Rydland

Slik enda haustoppgjeret mot Halsnøy på Nyamyro for nøyaktig fire år sidan i dag. Fitjar jubla over å ha snudd kampen og fått overtaket på Halsnøy i ein sesong som...

Les meir ...
annonse
annonse

– Eg har gru-gleda meg

17.08.2017 Håkon C

Vennskapsring. 1. klassingane står mellom lærar Ingelinn Skår (t.v.) og rektor Sigbjørn Aarland. Foto: Håkon C. Hartvedt – Eg har gru-gleda meg Det sa ein av 1.klassingane i Øvrebygda som møtte på...

Les meir ...

Duo 10 år

17.08.2017 Håkon C

Trude Strand og Elin Kvia Rydland kan feira at Duo Hårstudio har halde det gåande i 10 år. (Elin var ikkje til stades då biletet vart teke.) Foto: Håkon C...

Les meir ...

Kvednahølen – ein bortgøymd idyll

16.08.2017 Kjetil Rydland

Rett ved fossen som kastar seg ut i Kvednahølen, står restane etter Sæterbøkvedno. Foto: Kjetil Rydland.  Kvednahølen – ein bortgøymd idyll Ved den idylliske Kvednahølen står framleis restane etter Sætebøkvedno, som var...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ny A-finale for Anders i crosskart

19.08.2017 Kjetil Rydland

   Ny pokal som bevis på at Anders Halleråker Strand igjen har hevda seg blant dei beste i crosskart. Foto: Privat. Ny A-finale for Anders i crosskart Under dagens NM-runde i crosskart køyrde Anders...

Les meir ...