Måndag 23. Juli 2018


 
Kurshaldar Onar Westerheim i praktisk arbeid med biene til dei ferske birøktarane ute i skogen. Foto: Kjetil Rydland.

Birøktarkurs: Bier er viktige!

Under leiing av kurshaldarane Onar Westerheim og Lars Helge Grov var ni ferske birøktarar samla til kurs på Almås sist laurdag.

 

Kurslokalet er eit privat forsamlingshus som tidlegare har vore hønsehuset på garden Lars Helge Grov kjem frå. Her har birøktarane samlast fleire laurdagar sidan kursstart i slutten av april. Deltakarane kjem frå Valen, Fitjar, Stord og Bømlo. Grov høyrer til Bergenske Birøkterlag, men han er òg med i Sunnhordland Birøktarlag, som er arrangør av kurset.

 


Onar Westerheim og Lars Helge Grov med ferske birøktarar i hønsehuset på Almås. Foto: Kjetil Rydland.

 


Reidun Ahrens Helland på kurs med lærebok. Foto: Kjetil Rydland.

 

Biene oppsøkjer ulike planter

På Almås har Lars Helge Grov 10 bikuber, med rundt 50 000 bier i kvar. Her beitar dei på selje, løvetann, hageblomar og epleblomst. No er dei komne inn i svermetida, og då gjeld det å passa ekstra godt på, seier Lars helge Grov.

– No må me sjå til biene i kubane kvar åttande dag, seier han.

I svermetida har biene ein lei tendens til å laga nye dronningar, seier han. Då gjeld det å fjerna koppane der dei held på å laga seg ny dronning. Men det er ikkje alltid det hjelper. Av og til deler flokken i kuben seg i to og ein heil sverm fyk sin veg. Dei hengjer seg gjerne under eit tre, og då må me ut og henta dei, og plasssera dei i ein ny kube.

Når me kjem ut i juli, er lind den mest populærer kjelda til honning for biene. og i august og september er det lyngen som tek over.

Etter sesongen tar me honningen frå dei, seier Onar Westerehim. Og så får dei sukkervatn til å leva på i staden, 10-15 kg sukker per kube. – Sukkeret toler dei godt, seier han.

 

 

Biedøden

Kurshaldarane er urolege over den mykje omtalte biedøden.

– Sprøytemiddel tar knekken på orienteringsevna til biene, seier Onar Westerheim, og dei finn ikkje tilbake til kuben sin. Bøndene er blitt flinke å handtera sprøytemiddel på ein skikkeleg måte. Men det er verre med hageigarar; dei har ikkje nok kunnskap. 

– Hagesenter bør slutta å selja Roundup! seier dei to kurshaldarane, og siktar til det vanlege glyfosat-sprøytemiddelet som blir brukt både i landbruket og i hagar.

Det er ikkje lov å sprøyta på open blomst, seier Onar, for då får biene gifta i seg. Du må sprøyta om kvelden eller natta, når blomane ikkje er opne.

 


Pollineringa er viktigast, honningproduksjonen er berre ein bijobb!


Birøktarane er ikkje berre opptekne av antal kilo honning, men like mykje av samanhengane i naturen.

– Verdien av pollineringa som biene utfører, er ti gonger større enn verdien av honningen dei produserer, seier Onar Westerheim.

Ein av kursdeltakarane me snakka med, er spesielt oppteken av økologi og miljø. Karl Heinz Escher bur på Valen, men kjem opphavleg frå Norden i Tyskland. Han er uroleg over at bier over heile verda døyr, og er redd det kan gå ut over næringa for oss menneske.

– Me tenkjer ikkje berre Vestlandet, men globalt, seier han, og legg tilat han er oppteken av å ta ansvar: – Viss ikkje eg, kven elles?

Han fortel at han har planar om å ha to-tre bikubar i byggjefeltet på Valen. Han skal ha "snille" bier, seier han, og naboane støttar prosjektet. Dei har lova å ikkje slå plenen så ofte når det er blomstring. Han vil planta frukttre, slik naboen har gjort, og han reknar med at naboen får meir frukt no.

– Me kan byta frukt mot honning, seier Karl Heinz Escher og smiler lurt.

 


Onar roar biene med litt røyk. Foto: Kjetil Rydland.

 

Praktisk arbeid med bikubane

Etter teoridelen var det praktisk arbeid i bikubane ute i terrenget. Alle dei ferske birøktarane har sine eigne bikubar som står like ved kubane til Onar sine ordinære produksjonsbier i Dyvik. Under kyndig leiing av dei dei to kursleiarane blei kubane opna, og eigarane såg til at alt var som det skulle vera i kubane.

Då kubane blei opna, produserte Onar litt røyk for å roa biene. – Dei har lært opp gjennom åra at dei trekkjer til seg honning og held seg i ro når det er brann, seier Onar.

Dei fleste biene me helste på, er rekna for "snille" bier. Det er viktig å ha rolege bier dersom kubane skal stå i nærleiken av folk. Onar har fleire bikubar i ved bringebærfeltet til Jostein Prestbø, og det har vist seg viktig å ha rolege bier der. No kan bringebærdyrkaren jobba med plantene sine i fred utan at biene blir uroa og skaper seg galne.


Flittige arbeidarbier. Foto: Lars Helge Grov.


Biavl er avansert og spanande

Lars Helge Grov og Onar Westerheim deltek i eit utviklingsprosjekt styrt av Norges Birøkterlag og SMARTBEES (ein europeisk organisasjon for biavl.)  Føremålet er å avla fram bier som er produktive, har liten svermetrong og som er lite aggressive.  

Biene i kubane til ein av kursdeltakarane var visst ikkje så rolege som dei andre. Men då kursgjengen opna kubane deira, hadde me "stukke" av frå bisvermane. Me har ikkje høyrt anna enn at det gjekk bra med birøktarane, og me vil prøva å følgja opp prosjektet.

 


Dronninga, her merkt gul, regjerer over opp til 50-60000 arbeidarbier i kuben. Foto: Lars Helge Grov.  

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse