Måndag 25. September 2017


Lars J. Rydland (t.h.) under blokkeringa på Liland i dag. Foto: Hordaland Bondelag

– Heilt ålreit aksjon

Det seier bonde Lars J. Rydland som saman med kollega Håkon Hovstad var med på blokkeringa ved Coop sitt varelager på Lilandsflaten i Fana i dag.

Begge karane stod opp i firetida i natt for å rekkje 04.40-ferja frå Sandvikvåg for å kunne vere framme ved Liland kl 06.00.

Lars J. Rydland er ikkje heilt samd med at det vart ampert, som NRK Hordaland skriv, sjølv om ein dansk sjåfør som skulle til Sverige og hadde lita tid, køyrde ned sperringane. – Stemninga var elles heilt ålreit. Dei andre sjåførane takla det heile svært bra, og nokon kom bort og snakka greitt med oss. Og klokka 09.00 var aksjonen over.

Leiar i Fitjar Bondelag, Tore Sigurd Fitjar, var på eit anna møte i Bergen i dag, og kunne såleis ikkje vere med på Liland.

Men han stør sjølvsagt saka, og understrekar at det ikkje berre handlar om pengar, men om ei omfordeling som slett ikkje fungerer optimalt for alle bønder.

– Neste veke er det aksjon i Oslo, og då skal òg fitjarbønder vera med, og så får med sjå kva veg det heile tek etter det, seier Tore Sigurd Fitjar til fitjarposten.no

Hordaland og Sogn og Fjordane

Det var bønder frå Hordaland og Sogn og Fjordane som blokkerte utkøyring av varer frå matkjedene sine grossistlager i Hordaland. – Vi vil vise at norsk mat ikkje er sjølvsagt, seier leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen. 

– Tysdag vart det brot i jordbruksforhandlingane. I går aksjonerte bøndene langs vegar og i butikkar over heile landet. No har vi trappa opp aksjonen og blokkerer distribusjonslagera til Coop, Asko og Rema. 

Vi ønsker eit mangfaldig jordbruk. Forbrukarane ønsker norsk mat. Vi har fått støtte og sympati desse dagane med brot. Mange ser at det handlar om korleis vi vil at maten skal verte produsert framover, legg Haugen til.

- Vi ønsker ikkje å ramme forbrukarane. Men vi må seie klart ifrå om konsekvensane av at regjeringa ikkje vil satse på eit jordbruk over heile landet. Det er ein politikk som kan ramme forbrukarane sine ønske om trygg kvalitetsmat. – Vi håper forbrukarane har forståing for aksjonen, understreker Frøydis Haugen, til slutt. 

Inngangen er sperra. Foto: Hordaland Bondelag.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Store og små koste seg på Brannstasjonen

24.09.2017 Håkon C

Brannbilar, brannsprøyte og mykje folk på Årskog i går. Foto: Håkon C. Hartvedt Store og små koste seg på Brannstasjonen FItjar Brannvesen kan gle seg over godt besøk av både store og...

Les meir ...

Temakveld med Geir Gundersen

23.09.2017 Kjetil Rydland

    Geir Gundersen kjem til Fitjar.  Temakveld med Geir Gundersen Førstkomande torsdag blir det ny temakveld i Fitjar kyrkje, denne gongen med Geir Gundersen, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.

Les meir ...

Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabre…

23.09.2017 Kjetil Rydland

Stein Helge Simonsen og Jonny Kjærland på toppen av Fossabrekko. Foto: Kjetil Rydland. Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabrekko Den gamle kjenningen Harald Kårbø frå Stord IL gjekk heilt til topps...

Les meir ...
annonse
annonse

Haustjamdøger – hausten er komen!

22.09.2017 Kjetil Rydland

Årstidene på Jorda: Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retninga til pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia. Haustjamdøger – hausten er komen! Hausten er komen, og ei...

Les meir ...

Mat frå eigen hage

21.09.2017 Håkon C

  Anders Totland i Kultursalen i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt Mat frå eigen hage Ein kan lage mykje spennande mat frå eigen hage. Det må bli fasiten etter «Digg på menyen» i...

Les meir ...

Bakoversveis for G16 mot Brann

21.09.2017 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes viste at han heldt nivået, og var det største lyspunktet denne sure haustkvelden i Fitjar Idrettspark. Foto: Kjetil Rydland. Bakoversveis for G16 mot Brann Gutelaget til Fitjar fekk det veldig...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"