Måndag 24. Juli 2017


Gler seg over positivt utvikling på Sjoareset. T.v. marknadskoordinator Kari Westerheim og rekneskapsansvarleg Solfrid Vesterheim. Foto: Håkon C. Hartvedt

Positiv utvikling på Sjoareset

MesterVindu AS på Sjoareset har kunna gle seg over hyggelege tal i rekneskapet både i 2015 og 2016. Dei har ikkje lenger nokon permitterte, og no tilset dei nye folk.

Dagleg leiar Arvid Magnar Birkeland fortel til fitjarposten.no at dei i 2015 hadde eit positivt resultat på 2,5 millionar kroner, og i 2016: 3, 3 millionar. Vidare har dei styrkt eigenkapitalen som no er på 50 %. 

Ut av Mestergruppen
I januar vart dei pressa ut av Mestergruppen, deira største kjede, ikkje ulikt det som har skjedd med Lærum, Hansa m.fl. i høve til REMA 1000.

Dette var ei stor utfordring, men Mestervindu kan no konstatere at dei ikkje har tapt noko på det.

– Me har kompensert dette ved å få nye kundar, eit resultat av knallhard jobbing, seier Birkeland.

Utvikla nytt vindauge
I tillegg har Mestervindu utvikla eit nytt vindauge som har selt svært godt.

– Dette er eit såkalla 08-vindauge som det vert kalla i bransjen. Altså eit vindauge med så god isolasjon at det tilfredsstiller Tek 17 og dermed har ein u-verdi på under 0,8, fortel Arvid Birkeland.

Ny maskin
Sist haust investerte Mestervindu AS i ein ny maskin. 

– Den har synt seg å fungere 100 prosent etter forventningane, seier dagleg leiar Arvid Birkeland, til slutt.

 

 Frå produksjonen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Lurt å stoppe ved Haukeliseter

22.07.2017 Håkon C

Haukeliseter Fjellstue vann «Årets vegmat 2017». Foto: Fredrik Fjeld Lurt å stoppe ved Haukeliseter  Skal du austover over fjellet i sommar, kan det vera vel verdt å stoppa på Haukeliseter. Magasinet Motor har...

Les meir ...

Kultur på hjul

22.07.2017 Håkon C

  Lokale veteranbilar. Foto: FP-arkiv/HCH Kultur på hjul Landsforbundet for Motorhistoriske Kjøretøysklubber (LMK) vil i august markere seg med ein spesiell stafett, som og går gjennom Fitjar, for å sette lys på at...

Les meir ...

Gjekk Stord på langs - og mykje lenger

21.07.2017 Håkon C

Fitjarposten hadde eit  hyggeleg møte med Martin (t.v.) og Max frå Geneve i Sveits langs Fv545 i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt Gjekk Stord på langs - og mykje lenger På veg...

Les meir ...
annonse
annonse

Slik tek du best vare på fangsten

21.07.2017 Håkon C

  Nofima sine forskarar har gode råd for korleis du sikrar best muleg kvalitet på fisken du fangar. Illustrasjonsfoto: Lars-Åke Andersen Slik tek du best vare på fangsten Fitjarfolk har god greie på fisk...

Les meir ...

– Kos og terapi

20.07.2017 Håkon C

Anne Berit Skår, og Johnny Heggøy, på Sjøsio i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt – Kos og terapi Det sier Anne Berit Skår som tid og annan tek med seg fiskestonga...

Les meir ...

Betre badetemperaturar

19.07.2017 Håkon C

Fint i Breiavikjo i går - og i dag òg. Foto: Håkon C. Hartvedt Betre badetemperaturar Temperaturen i sjø og vatn er stigane, og når vi vitja Breiavikjo i dag var den...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fitjarmat til partitopp

24.07.2017 Håkon C

  Illustrasjonsfoto: Sal av fitjarpoteter. Foto: FP-arkiv/HCH Fitjarmat til partitoppar Onsdag kjem senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum og stortingsrepresentant Krersti Toppe til Stord. Då får dei mellom anna smaka gardsmat frå Fitjar.

Les meir ...
Færøysundbasaren
Sommarmøte