Måndag 29. Mai 2017



Herman Inge Aadland held talen for dagen. Foto: Kjetil Rydland.

Herman Inge med nær og tankevekkjande tale

Tidlegare sokneprest Herman Inge Aadland heldt talen for dagen i Kultursalen i Fitjar kultur- og Idrettsbygg.

 

Dagens tale på 17. mai blei i år òg halden innomhus, i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Denne gongen kunne me hatt det minst like godt ute, men kven kan vita slikt på førehand? 

 


Kultursalen i ferd med å bli fullsett medan Herman Inge Aadland gjer seg klar til å halda talen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Konferansier John Arvid Skumsnes leia programmet på ein ledig og humoristisk måte. Dagens hovudtalar, Herman Inge Aadland, har både eit kjent andlet og ei kjend røyst for fitjarbuar flest. 

 

Før talaren fekk ordet, spelte Guro Rimmereid Nocturne av Chopin. Ho hadde teke seg ein liten pause i russefeiringa til stor glede for ein fullsett kultursal i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 


Ei travel Guro Rimmereid tok seg ikkje tid til å ta av russedressen, men gledde publikum med Nocturne av Chopin. Foto: Kjetil Rydland. 

 

På sin varme og humoristiske måte tok den tidlegare soknepresten vår oss med frå oppveksten sin på vesle fredelege Stord fram til vår tid, og me må innsjå at me er ein uløyseleg del av den store verda. Som vanleg når Herman Inga talar, fekk me høyra ei rekkje flotte formuleringar, og me må unna oss å sitera enkelte av desse: 


"Det verkelege senteret i verda låg for meg mellom Stuve skule og Vassenden på Nedre Litlabø. ... Me levde sutalaust der. Sjølvsagt visste me godt at det fanst noko utanom også: T.d. Ådland ... og Vikjo med kyrkja og bedehuset ... visste me mykje meir om Madagaskar enn om Halsnøy ..."


Me fekk følgja Herman Inge frå barndommen hans i enkle kår på Stord, gjennom den eventyrlege økonomiske utviklinga som har skjedd i vår tid. Han minte om at det ikkje er så altfor lenge sidan Noreg var rekna for "husmannen i Norden". Me var ikkje eit land folk søkte til for å sjå seg om etter eit betre liv, i staden eksporterte me folk. 

 

"Etter at Noreg har vunne kollektivt i Lotto", som Herman Inge uttrykte det, har dette endra seg. Mange har retta augo mot Noreg  som er kåra som eitt av verda sine rikaste og beste land å bu i.


Herman Inge oppmoda oss om å vera rimeleg rause, sjølv om det er grenser for kva eit lite land som kan yta. Han oppmoda oss til ikkje å stengja gluggane mot kvarandre og omverda. Han minte oss om at verda er blitt lita og at me er ein del av det store fellesskapet. Og avslutninga av talen er så fin at me siterer direkte: 


"Og det skal me vera! Og det er me best når me er oss sjølve i sinn og ånd, i kultur og tradisjon, i kjærleik og omtanke og levd liv. Til lukke med dagen!"

  


Dirigent Ole Christian Ottestad introduserer dagens program frå Osternes Mannskor. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Konferansier John Arvid Skumsnes hadde litt vanskar med å forklara kvifor prologen skulle koma til slutt. Men Harald Johan si framføring av prologen til Knut Rimbereid frå 1978 blei i alle høve ei høgtideleg og verdig avslutning på samværet i Kultursalen. Me tillèt oss å sitera litt: 

Velkomne til høgtid i Håkonarhagen,  
velkomne frå øyar og grender       
i festleg fylgje på grunnlovsdagen        
med flagg i barnehender

Nordmenn, bygdefolk, granne og frende   
me eig denne dagen i lag –           
frå tidlege morgon til dagen tek ende      
er dette folket sin dag.

Me samlast og ærer dei menn og kvinner         
som stridde for fridom og rett.         
Den 17. mai er dagen for minner  
om land og folk og ætt.

 … … … … … …

Dersom me også tankane vender         
mot fortidas falma spor      
i ætta, tunet, bygda og grenda         
vert minnedagen vår stor.

Heile prologen kjem på trykk i årets Fitjarminne frå sogelaget. 

  


I kjent stil framfører Harald Johan Sandvik Knut Rimbereid sin prolog frå 1978. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Stafettsiger i Mailekene

28.05.2017 Kjetil Rydland

Stafettlaget til Fitjar på det øvste trinnet på sigerspallen. Foto: Privat.  Stafettsiger i Mailekene Under Mailekene i Haugesund laurdag gjekk stafettlaget til Fitjar heilt til topps, og elles kom dei unge fitjarbuane...

Les meir ...

Fitjar heilt sist etter nytt heimetap

27.05.2017 Kjetil Rydland

Fitjar heilt sist etter nytt heimetap A-laget til Fitjar har teke over sisteplassen i 5. divisjon etter eit nytt heimetap. Denne gongen var det Tornado Bergen som blei for sterke, og kunne...

Les meir ...

AMS - smart straummålar

27.05.2017 Håkon C

  F.v. Elverksjef åvard Singelstad og driftsingeniør Marius Onarheim viser fram ein gamal straummålar som skal skiftast ut. AMS - smart straummålar Smarte straummålarar vil gje betre informasjon om straumforbruk og straumprisar og...

Les meir ...
annonse

Vakkert - og noko å reflektere over

27.05.2017 Håkon C

F.v Kultursjef Bente Bjelland, Leif hedman, Alma Kjærland og Truls Horvei. Foto: Håkon C. Hartvedt Vakkert - og noko å reflektere over Overskrifta kan vere stikkorda over utstillinga til Leif Hedman og...

Les meir ...

Ny utstilling i Galleri Losjen

26.05.2017 Håkon C

Ny utstilling i Galleri Losjen Leif Hedman og Alma Kjærland. Foto: Kjetil Rydland I morgon, laurdag 27. mai, opnar ei ny utstilling i Galleri Losjen. Denne gongen med Alma Kjærland og Leif...

Les meir ...

Meir info om fase III på Midtfjellet

26.05.2017 Håkon C

Meir info om fase III på Midtfjellet Midtfjellet Vindpark AS har som kjent gått inn for å byggje vidare ut med det dei kallar Fase III. På nettsidene finn me meir...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Gamaldags gudsteneste med stil

28.05.2017 Kjetil Rydland

 Sokneprest Olav Oma på preikestolen; mange sette pris på gjensyn med ein gamaldags prestekrage. Foto: Kjetil Rydland.  Gamaldags gudsteneste med stil Vel 100 soknebarn fann vegen til kyrkja i dag for å vera...

Les meir ...