Måndag 29. Mai 2017


 
Foto: Engesund Fiskeoppdrett. 

Uttale om kystsoneplanen

Som kjent har politikarane våre tidlegare uttalt seg kritisk til den nye regionale kystsoneplanen for Sunnhordland og ytre Hardanger. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har sendt uttale til Hordaland fylkeskommune; den kan du lesa nedanfor.

 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har samrøystes vedteke følgjande uttale til den avgrensa høyringa av Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger:

Samarbeidsrådet viser til kommunane sine einskilde uttaler, der det kan slås fast at ikkje alle kommunar ser seg tent med planen. I seg sjølv bør det gje grunnlag for ei grundig sluttvurdering av om planen har oppfylt føremåla som opphavleg låg til grunn.

Planen er heimla i kap. 8 i PBL og legg opp til at den ikkje er juridisk bindande. Planen skal likevel leggjast til grunn i kommunane si planlegging og også nyttast av statlege mynde i vurdering av spørsmål om motsegn. Planen vil såleis vera bindande for vidare planlegging og har såleis i alle fall ei indirekte rettskraft. Det er særleg arealplankartet, og kor sterkt bindande dette er, som har gjort fleire kommunar i regionen urolege. Ut i frå plankartet er det frå ulike kommunar uttrykt uro for at verneområda er for store og omfattande, og at dette vil kunna hindra utvikling både på land og sjø for næringsliv og innbyggjarar. I samband med handsaming av planen bør det gjerast ei nærare vurdering av samfunnseffektar innanfor arealsone landskap, det bør særskilt gjerast vurdering på dei avgrensingar bruk av arealsone landskap gjev for framtidig planlegging på kommunane sin landareal. Det bør også gjerast ei vurdering på vidare presisering av arealsone landskap inn i dei ulike undergruppene som føl teiknereglane for regionale planar, ved å presisera dette gjer det betre rom for vurdering av avbøtande tiltak med vidare.


Akvakultur

Havbruksnæringa er eit nasjonalt satsingsområde, og det er eit mål for styresmaktene si side at det skal leggjast til rette for best mogleg vekst i næringa innanfor ei ramme av økonomisk, sosial og miljømessig berekraft. Dette inneber også at ein i forvaltninga må ta omsyn til både oppdrett og villaks.


Det er kjent at det er venta større endringar som kan påverka bruk av areal i sjø:

– Styresmaktene har vedteke å innføra ny sonestruktur for mogleg vekst som vil ha innverknad på heile næringa i planområdet 
– Marin verneplan hadde høyringsfrist 2. mai, og utstrekninga og marine verneområde er uklart
– Mattilsynet sine avstandskrav er under utgreiing
– Kunnskapsdepartementet har under utarbeiding ein vegleiar for planarbeid i sjø.


Det er uheldig å utarbeida ein kystsoneplan som ikkje er basert på erfaringar frå den nye soneinndelinga, og også avstandskrava frå Mattilsynet kan føra til endringar ein no ikkje ser.

Planen legg fast dei areala som i dag er avsett til akvakultur, men tek ikkje omsyn til at det er kommunar som enno ikkje har avsett nye areal, men kan ha eit potensial for dette. Ei fastlåsing av areal på dette nivået gjer at desse kommunane ikkje får utnytta sitt areal for akvakultur. Når det i tillegg vert oppretta arealsoner som tek bort areal, vert det svært vanskeleg å oppretthalda aktiviteten og utvikla nye område, også for eksisterande artar og teknologi.

Dersom ein eksisterande lokalitet vert liggjande i ei arealsone, må ikkje dette vera til hinder for at lokaliteten kan utviklast eller flyttast innanfor arealsona.


Strandsone

Då KURE hadde Interkommunal strandsoneplan til høyring 1. oktober 2015 gjorde dei følgjande vedtak:

1. Framlegg til Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland er eit omfattande og viktig arbeid som vil vera ein god reiskap for kommunal planlegging.

2. Hordaland fylkeskommune rår til at strandsoneplanen vert vedteken slik han ligg føre.

3. Framlegg til Regional kystsoneplan er ikkje i samsvar med Interkommunal strandsoneplan. I prosessen vidare bør dei to planarbeida sameinast slik at strandsoneplanen vert styrande for kystsoneplanen i kapitlet som omhandlar strandsona. Dersom det ikkje er mogleg, må kapitlet om strandsona takast ut av kystsoneplanen.

4. Varig verna kulturminne er del av dei enkelte kommunane sine kulturminneplanar. Strandsoneplanen må som alle kommunale planar, ta omsyn til varig verna kulturminne og fastsette vernesoner.


Etter høyringsrunden er det blitt meir samsvar mellom planane, men det er likevel store sprik på heilt sentrale spørsmål. Det må difor stillast spørsmål om ikkje dette er grunn nok til å utsetja planen.


Planen gjeld bruk og forvaltning av areal i Sunnhordland. Difor bør Sunnhordland verta høyrt i sin argumentasjon for at Kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger ikkje vert godkjent før følgjande avklaringar er gjort:

– Konsekvenser for ny sonestruktur og marin verneplan mm.
– Føresegner for Interkommunal strandsoneplan er godkjent.
– Planen sikra at Sunnhordland kan ta del i forventa vekst i havbruksnæringa.
– Det må gjerast ei nærare konsekvensvurdering av samfunnseffektar som følgjer bruk av arealsonelandskap.

 
Wenche Tislevoll, styreleiar

Gro Jensen Gjerde, dagleg leiar

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Stafettsiger i Mailekene

28.05.2017 Kjetil Rydland

Stafettlaget til Fitjar på det øvste trinnet på sigerspallen. Foto: Privat.  Stafettsiger i Mailekene Under Mailekene i Haugesund laurdag gjekk stafettlaget til Fitjar heilt til topps, og elles kom dei unge fitjarbuane...

Les meir ...

Fitjar heilt sist etter nytt heimetap

27.05.2017 Kjetil Rydland

Fitjar heilt sist etter nytt heimetap A-laget til Fitjar har teke over sisteplassen i 5. divisjon etter eit nytt heimetap. Denne gongen var det Tornado Bergen som blei for sterke, og kunne...

Les meir ...

AMS - smart straummålar

27.05.2017 Håkon C

  F.v. Elverksjef åvard Singelstad og driftsingeniør Marius Onarheim viser fram ein gamal straummålar som skal skiftast ut. AMS - smart straummålar Smarte straummålarar vil gje betre informasjon om straumforbruk og straumprisar og...

Les meir ...
annonse

Vakkert - og noko å reflektere over

27.05.2017 Håkon C

F.v Kultursjef Bente Bjelland, Leif hedman, Alma Kjærland og Truls Horvei. Foto: Håkon C. Hartvedt Vakkert - og noko å reflektere over Overskrifta kan vere stikkorda over utstillinga til Leif Hedman og...

Les meir ...

Ny utstilling i Galleri Losjen

26.05.2017 Håkon C

Ny utstilling i Galleri Losjen Leif Hedman og Alma Kjærland. Foto: Kjetil Rydland I morgon, laurdag 27. mai, opnar ei ny utstilling i Galleri Losjen. Denne gongen med Alma Kjærland og Leif...

Les meir ...

Meir info om fase III på Midtfjellet

26.05.2017 Håkon C

Meir info om fase III på Midtfjellet Midtfjellet Vindpark AS har som kjent gått inn for å byggje vidare ut med det dei kallar Fase III. På nettsidene finn me meir...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Gamaldags gudsteneste med stil

28.05.2017 Kjetil Rydland

 Sokneprest Olav Oma på preikestolen; mange sette pris på gjensyn med ein gamaldags prestekrage. Foto: Kjetil Rydland.  Gamaldags gudsteneste med stil Vel 100 soknebarn fann vegen til kyrkja i dag for å vera...

Les meir ...