Sundag 27. Mai 2018



Smilande jenter i depotet i Vikedal før første heat i Vikedal, Ailin Vik (t.v.) og Mari Koløen Lønning. Foto: Privat.

Stong ut for Racingteamet i Vikedal

Fitjar-førarane viste mykje fin køyring i Vikedal denne helga, men dei hadde ikkje alle marginane med seg. Ailin Vik miste bilen sin på bod etter konkurransen, og gutane nådde ikkje heilt opp.


Best sportsleg gjekk det denne gongen òg for Ailin Vik, som kom heim med både pokal og pengar. Det starta rett nok ikkje så godt, i første heatet blei ho diskvalifisert for knuffing mot ein konkurrent. Men i dei to neste heata var ho ustoppeleg, og vann begge. Det heldt til plass i B-finalen, men ikkje så langt framme at ho klarte å komma seg vidare til A-finalen.


Dermed måtte ho ta til takke med ein bra 7.-plass totalt i juniorklassen, og ein pokal med pengar oppi. Men ho fekk heile 9500 kroner med seg heim denne gongen. Ho har nemleg blitt lagt merke til, og det same har bilen hennar. Derfor blei kom det inn fleire bod etter løpet, og Ailin miste bilen sin.


Heldigvis har Ailin gode hjelparar, og dei er allereie i gang med å byggja om ein god Opel Astra til løpsbil. Ho reknar med å stå på startstreken i Bergen midt i juni. Jonsokhelga er det nytt løp i Vikedal, og det kan henda ho gjer klar ein Golf VR76 til det løpet. Ho er nemleg fast bestemt på å stilla opp, og vil ikkje risikera å vera utan bil når starten går!

 
For dei tre gutane i seniorklassen blei det ein innsats på det jamne. Både Gisle Aarbø og Håvard Dalen kom seg til C-finalen, saman med Oliver A. Matre. Sistnemnde køyrde for første gong med sveist sperr, og sleit litt i byrjinga. Men etter kvart fekk han god fart på bobla si. C-finalen vann han greitt, og han var på full fart mot siger i B-finalen då eit nytt teknisk uhell råka. Denne gongen var det gasspedalen som rauk, og Oliver måtte bryta.


Dette er naturlegvis ein feil som ikkje skal skje. – Heil unødvendig,  ein typisk etterkontrollfeil! seier mentor og veteran Ole Vidar Helland til Fitjarposten.  


For den einaste crosskartføraren i teamet, Anders Halleråker Strand, blei Vikedals-løpet for trening å rekna. Han møtte berre to andre vogner, Bjørn Cato Aarekol i 125 ccm og Sigurd Kilane i ein Speedcar Extreme. Anders vann alle tre heata, og fekk vist at han har skumle planar for sesongen.


Etter det me forstår på teamsjef Ingve A. Strand i Strand Motorsport, fungerte karten til Anders perfekt. Om tre veker går turen til Høljes i Sverige, og i byrjinga av juni startar NM i crosskart. 

 


Mari Koløen Lønning gjer seg klar til sesongstarten. Foto: Privat. 

 


Håvard Dalen, Gisle Aarbø og Oliver A. Matre til C-finalen. Foto: Privat. 


Oliver A. Matre på startstreken i Vikedal. Foto: Privat.

 


Slik enda B-finalen for Oliver A. Matre denne gongen, til fots, og ikkje først over målstreken framfor eit beite med sterke konkurrentar. Foto: Privat. 

 


Ei litt frustrert Ailin Vik kan konstatera at faren, Arild Vik, og Harald Heggøy allereie er i full gang med å byggja ein ny bilcross-Astra til henne, slik at ho er klar til start i Bergen midt i juni. Foto: Kjetil Rydland.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse