Måndag 11. Desember 2017


Høgtid for brannar

Desember er høgtid for brannar i Norge. I denne artikkelen peikar Fitjar Kraftlag på det - og gjev oss og gode råd.

Elektrisk utstyr
Ein veit at over 40% av alle brannar har elektrisk årsak eller skuldast feil bruk av elektrisk utstyr.

Om du ikkje har gjort det allereie, bytt batteri i alle røykvarslarar.

Ver varsam med open flamme. Levande lys bør plasserast på eit stødig ikkje brennbart underlag.


El-sikkerheitstips
• Trekk alltid ut støpselet på hushaldningsapparat når dei ikkje er i bruk.

• Bruk ikkje sterkare pære enn det lampe eller lampeskjerm er merka med.

• Bruk kun oppvaskmaskin/vaskemaskin/tørketrommel og liknande når nokon er heime og vakne.

• Ikkje gå frå matlaging på komfyr eller kokeplater, og hugs alltid å slå av etter bruk. Installasjon av komfyrvakt kan hindra brann.

• Ikkje lad mobiltelefonen om natta.

• Skøyteledningar/»padder» bør unngås generelt og spesielt på barnerom. Elektriske apparat over 1000 W skal ikkje vera tilkopla skøyteledning.

• Bruk fastmonterte lampar og ovnar på barnerom. Hugs at ein lampe som kan velte eller komme i kontakt med dyne, pute eller anna er ei potensiell brannfelle.

• Ikkje dekk til ovnar, pass og på at gardiner ikkje heng over ovnar.

• Pass på oppladbare apparat og leiker. Lading utover oppsett ladetid kan medføra overoppheiting og brann. Sørg for at lading av apparat og leiker blir utført av vaksne på dagtid og les bruksanvisningen.

• Sjekk jamnleg at stikkontaktar, støpsel og liknande ikkje er unormalt varme eller har brunsvidde merker.

• Sjekk jamnleg sikringsskapet, kjenn etter om nokon av sikringane er varme og/eller har misfarging som kan tyda på varmgong/overoppheiting.

• Om du får elektrisk støt ved å ta på vannkranar og liknande, kan det vera feil på det elektriske anlegget som kan medføra livsfare.

• Ikkje gjer arbeid på det elektriske anlegget sjølv, kontakt ein elektroinstallatør.

• Hugs! Du er ansvarleg for den elektriske installasjonen og det elektriske utstyret i huset ditt.

 

Fitjar Kraftlag og DLE ønskjer alle ei trygg og god jul.

– – –

Det Lokale Eltilsyn – DLE

Dei fleste everk/nettselskap er med heimel i el-tilsynslova pålagt å føra tilsyn innanfor sitt forsyningsområde.

Det lokale eltilsyn (DLE) er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerheit og er fagleg underlagt Direktoratet for samfunnssikkerheit- og beredskap (DSB).

Fitjar Kraftlag foretar jamlege kontrollar av elektriske installasjonar i hus og verksemder i sitt konsesjonsområde. Dette for å førebyggja og informera om årsaker til brann og ulukker forårsaka av elektrisitet.

På http://nett.tjar-kraftlag.no kan ein finna meir informasjon om Det Lokale Eltilsyn.

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Døgeret rundt for brøyten

10.12.2017 Håkon C

  Brøyting på fortau tidlegare i kveld. No må mannskapa konsentrera seg om å strø vegane. Så tek dei fortaua i morgon. Foto: Håkon C. Hartvedt Døgeret rundt for brøyten Tre traktorar har...

Les meir ...

Julestemning med Putti Plutti Pott

09.12.2017 Kjetil Rydland

Sandeid barne- og ungdomsteater med sjarmerande versjon av nissemusikalen Putti Plutti Pot. Foto: Kjetil Rydland. Julestemning med Putti Plutti Pott Laurdag ettermiddag fekk eit lydhøyrt publikum gleda av å sjå den kjende nissemusikalen...

Les meir ...

Mestervindu på Fitjar får ny eigar

09.12.2017 Håkon C

Mestervindu på Fitjar får ny eigar     Foto: Mestervindu Mestervindu er kjøpt opp av eit større dør- og vindusleverandør på Austlandet. No ventar fabrikksjefen kraftig vekst i 2018.

Les meir ...
annonse
annonse

Søknader om investeringstilskot

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

  No kan kulturhuset få sin eigen kino! Foto: Harald Johan Sandvik. Søknader om investeringstilskot Tre aktuelle saker i formannskapet på onsdag.

Les meir ...

Prioritering av søknader om spelemidlar

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

Bildetekst: Skyttarlaget sitt hus. No kan det også koma 15 m. innandørs skytebane på området. Foto: Harald Johan Sandvik. Prioritering av søknader om spelemidlar Søknadsfrist er 15. januar.

Les meir ...

Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i…

08.12.2017 Harald Johan Sandvik

 Neste år skal vegkrysset byggjast om. Foto: Harald Johan Sandvik. Det nye vegkrysset i sentrum vert bygt i 2018 Kommunen og Statens Vegvesen forhandlar om avtale.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Flinke handballjenter

10.12.2017 Kjetil Rydland

Blide ellevåringar frå Fitjar på Nore Neset laurdag. Foto: Privat.  Flinke handballjenter Laurdag var Fitjar-jentene i ellevårsklassen på Nore Neset og vann to kampar.

Les meir ...
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no