Sundag 27. Mai 2018


Ein stolt Ole Vidar Helland viser fram den gamle folkevognbussen til tante Elisabeth. Foto: Kjetil Rydland.

– For ein flott drosje!

No har Ole Vidar Helland fått i gang igjen den gamle drosjen frå 1973, og folkevognbussen er minst like staseleg som då han var ny.

 

Ole Vidar Helland har arbeidd på spreng i det siste med å få den gamle luksusdrosjen på vegen att. Til helga skal nemleg sonen, Nils Arve, gifta seg med Hanne Emilie Heggøy Hovland, og då blir det stas å kunna køyra brurparet i ein veteranbil som har vore i familien si eige heilt sidan han var ny. Derfor var det ein oppglødd Ole Vidar som melde frå i helga om at no går motoren! 

 


Elisabeth Rydland med TAXI R-819, akkurat som for 43 år sidan! Foto: Kjetil Rydland.

 

Elisabeth vil køyra igjen!

Og han var ikkje mindre oppglødd søndag kveld, då han fekk tante Elisabeth Rydland til å ta plass bak rattet i den gamle drosjen. 92-årige Elisabeth hadde ingen problem med å komma seg inn i bilen ho kjende så godt frå før.

– Då lyt eg nesten begynna å kjøra bil igjen, eg då! var kommentaren til Elisabeth då ho fekk sjå den gamle drosjen i tipp topp stand.

I går kveld måtte ho nøya seg med ein aldri så liten prøvetur heime på Rydland, med grandnevø Håvard Helland som stødig sjåfør.

 


Elisabeth i kjent stil, bak rattet i den gamle luksusdrosjen, med drosjelua til ektemannen, Nils N. Rydland.. Foto: Kjetil Rydland.

 

Folkevognbuss i luksusutgåve 

Den standsmessige folkevognbussen VW T2 er ein 8-setar som Nils N. Rydland kjøpte til drosje i 1973. Bilen skilde seg frå dei andre VW-bussane ved at han hadde gummi på støtfangarane og blanke lister. Derfor kosta han rundt 5000 kroner meir enn dei kvite drosjane, som dei hadde fleire av på Rydland. 63 000 kroner var ein solid sum for ein ny bil den gongen.  

I byrjinga blei bilen naturleg nok køyrt mykje av Nils N. Rydland sjølv, og gjekk som ordinær drosje i tre år. Men i 1976 gjekk han over til å bli reservedrosje. Nils N. Rydland fekk skadd den andre folkevognbussen, og gjekk sporenstreks og kjøpte seg ein ny medan den skadde stod på verkstad.  Då den øydelagde bilen var ferdig reparert, hadde dei tre bilar, men framleis berre to drosjeløyve!

Dermed gjekk luksusdrosjen over til meir variert bruk, i tillegg til reservedrosje blei han brukt til privatbil og til skulekøyring. Ole Vidar fortel at det berre er tilfelle som gjer at bilen i dag kan framstå slik han gjorde for 43 år sidan. I 1978/79 planla Nils N. Rydland å få bilen ombygd til bubil, som Elisabeth og Nils kunne bruka til ferieturar. Men dette blei ikkje noko av då Nils døydde så brått i mars 1979. Den neste "kneiken" for bilen kom i 1980, då han var til sals, fordi dei ikkje hadde nok bruk for han. Men etter at bilen kom over den "kneiken" òg, har han vore til stor glede for Ole Vidar. 

 


Ein retteleg de luxe-drosje som no snart er ute i trafikken att. Foto: Kjetil Rydland.

 

Her sat sju passasjerar godt. Foto: Kjetil Rydland.

 

Mange vil kjenna bilen igjen

Ole Vidar Helland reknar med at det er mange som vil kjenna den gamle drosjebilen att, sjølv om han har vore bortgøymd i over 20 år. 

– Det er mange fitjarbuar som har ein relasjon til denne bilen, seier han. 

Sterkast relasjon har han naturlegvis sjøl, etter å ha gøymt bilen heilt sidan 1995, med tanke på å få han restaurert ein gong. Men tante Elisabeth var minst like glad for å sjå bilen i så flott stand. Sjølv om ho vedgår at han var litt vanskelegare å køyra enn dei andre VW-bussane dei hadde. 

– Han var ei hoppetussa, seier ho. 

Ole Vidar forklarer at han bykste litt til når du gav gass igjen etter å ha sakka på farten. Og så var han kanskje litt "tyngre på rattet".

Men dette merka nok ikkje passasjerane mykje til, for dei var flinke drosjesjåførar på Rydland. Ikkje berre dreiv dei ordinær persontransport, men òg sjuketransport. Bilen blei innreidd slik at det var lett å ta ut setet, og få plass til ei sjukebåre. I distrikta var det lenge vanleg å bruka drosje på denne måten.

For Ole Vidar kom bilen til god nytte også etter den ordinære drosjetrafikken. Med denne romslege bilen kunne han ta med seg vener på ferieturar land og strand. Det blei, blant mykje anna kjekt, countryfestivalar i Setesdalen og Førde i Sunnfjord og turar til Sørlandet, Sverige og heilt opp til Brønnøysund.

Men det er ikkje berre tobeinte vener som fekk sitja på med Ole Vidar. Han køyrde og levande kalvar i denne luksusdrosjen!

Då Ole Vidar begynte med bilsport hausten 1984, var han glad han hadde ein bil å reisa på løp med. Han høvde godt til å slepa biltilhengar og til å overnatta i. Det blei turar til Forus, Lyngas ved Drammen, Kristiansand, og naturlegvis til Vikedal og til Eikefet nord for Bergen.

På dei korte turane tok han med seg ein flokk ungar frå nabolaget, saman med eldstesonen Nils Arve. Ole Vidar fortel at det ofte var eit styr med alle ungane, og han truga ofte med at dei aldri meir skulle få vera med! Men dei visste at det gjekk over i god tid før neste løp ... I Vikedal var den lysegule folkevognbussen eit kjent og kjært syn. Det blei sagt at før bussen stoppa, elva det ut med ungar! På dei litt lengre turane hadde han berre med Nils Arve, og dei sov i kvar sitt sete. 

På 1980-talet og fram til 1992-93 gjekk bilen som skulebuss i Øvrebygda i vekene. Når Ole Vidar kom heim frå billøp, leverte han bilen tilbake sjåføren som køyrde skuleruta. Rundt 1990 bestemte han seg for å fiksa opp bilen ein gong. 

– Når eg fekk tid, seier han og ler. 

 

God hjelp med restaureringa 

Ole Vidar har hatt den gamle VW-bussen ståande i verkstaden sin dei siste fem åra, etter at han blei avskilta i 1995 og gøymt bort i garasjen. Han har hatt besøk av mange interesserte kjøparar, som oppdaga at det stod ein slik sjeldan bil i garasjen. Men det var aldri snakk om å selja! Ole Vidar fortel at han aldri har sett ein liknande de luxe VW-buss ute på vegen. 

Han har hatt god hjelp med restaureringa av ungdommane som ofte er innom i verkstaden hans på Rydland. Oliver André Matre har hjelpt til med å skaffa reservedelar på internett, for det meste frå USA. Arbeidet med å sveisa, fjerna rust og pussa har Ole Vidar stort sett greidd sjølv. Karosseriet var i bra stand, etter som bilen blei understellsbehandla både i 1973 og 1979. Alt dette "innvortes" er enkelt for ein mann som Ole Vidar. Men at bilen ser så flott ut no, skuldast ikkje minst profesjonell hjelp frå Terje Heggøy. Han har lakkert bilen, og det er lett å sjå at det er ein fagmann som har vore ute og gått.


Terje Heggøy t.v. ser til at det blir pussa skikkeleg før han skal lakkera. Foto: Kjetil Rydland.

Etter det Ole Vidar kjem på i farten, blir den gamle drosjebilen frå 1973 den einaste veteranbilen i Fitjar som har vore i same tunet hos dei same eigarane heilt sidan han var ny.

 

EU-kontroll til neste år

Ole Vidar reknar med å få vist bilen fram med prøveskilt under Fitjarfestivalen i august. Men så tar han bilen inn igjen i verkstaden for full overhaling av motoren. Då skrur han den frå kvarandre i "molekyl" og skiftar alt som må skiftast av fjører og pakningar osv. Han vil vera heilt sikker på at motoren er oljetett før han framstiller bilen for EU-kontroll. 

Han reknar ikkje med at det blir noko problem å få bilen godkjend, og han ser umåteleg fram til å få han på vegen med det gamle registreringsnummeret. Så lenge bilen ikkje har blitt skrota, er han registrert på same nummeret hos Biltilsynet, og Ole Vidar bestiller nye skilt når den tid kjem,

Sjølv om han ikkje kjem til å køyra rundt med TAXI-skiltet på taket, er det nok mange i Fitjar som vil nikka gjenkjennande når bilen begynner å rulla på vegen.

 


På plass bak rattet, akkurat som for 43 år sidan! Foto: Kjetil Rydland.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse