Måndag 23. Juli 2018


Nytt helsesenter

 

Helsesenteret vert delt, med legane i fløyen til venstre på FBB, og helsestasjonen i Havnahuset i bakgrunnen. Foto: Harald Johan Sandvik

Det hastar å realisera planen.

Når kommunelege 1 sluttar 1. juli, ynskjer kommunen å tilsetja ein lege på fulltid og ein «deltids»- lege. Samtidig er det ynskjeleg å samla alle legane og helsestasjonen i eit senter.

Det låg i byrjinga føre tre alternativ: Leige i Larsen-bygget, delt løysing i Havnahuset og Fitjar Bu- og Behandlingssenter, FBB, eller på eigen tomt ved Rådhuset. Nyleg har bankbygget kome inn som eit fjerde alternativ. Alternativet ved Rådhuset er no lagt bort. Total trong for golvflate er inntil 530 m2.

I Larsenbygget er det 534 m2 uinnreia lokale, og totale investeringar er rekna til 10,5 mill. 

I bankbygget, Todlak AS, er det disponibelt 507 m2 i første etasje. Her tenkjer ein å bruka eksisterande rominndeling så langt råd er, og investering her er då 8,3 mill.

Den delte løysinga med Havnahuset og FBB har plass nok, og vert rimelegare: 4,2 mill. etter ombygging.

Utval for oppvekst og omsorg rådde til å bruka bankbygget, men formannskapet gjekk for delt løysing, som vert det rimelegaste. Differansen mellom dyraste og rimelegaste løysing utgjer kr. 700.000 pr. år.

Agnar Aarskog, Ap, hadde ynskt samla løysing, helst i nybygg, men dei store kostnadene gjorde at han ville gå for delt løysing, med helsestasjonen i Havnahuset der den er no, og legane i det som var tannlegen sine lokale i FBB. Grete Marit Veka Maraas, Sp, støtta delt løysing, og Ole Bergesen, H, sa at han privat hadde lyst på både nytt funkishus og ny hybridbil, men han hadde ikkje råd. Han var godt hjelpen med det han hadde, og han støtta difor delt løysing.

Sigurd André Maraas, Frp, såg annleis på det. Fitjar kan satsa på komplett senter, no er det høve til å byggja noko stort her. Det kan gi gode ringverknader i sentrum. Pengar har me dersom me verkeleg vil. Han kom med framlegg om å utgreia ytterlegare Larsenbygget og bankbygget, innan ei investeringsramme på 10,5 mill.

Harald Rydland, KrF, ville satsa på samla helsesenter, det er best. Me må vera modige og byggja lokalsamfunnet framover. 

Grete Marit Veka Maraas, Sp, ville ikkje ha meir utgreiingar, då går tida. No er det viktig å byggja arbeidsplassar til legane. 

Arne Prestbø, H, ville heller ikkje ha meir utgreiing, men vedtak i dag.

Rådmann Atle Tornes poengterte at me veit alt me treng, det er ikkje nødvendig å greia ut meir.

Sigurd André Maraas, Frp, gav seg ikkje. Me finn pengar dersom me vil. Me kan be om gruppemøte og ta ein prat!

Ved røystinga fekk delt løysing på Havnahuset og FBB 12 røyster. Framlegget om eit samla senter fekk KrF og Frp sine 5 røyster og fall. 

I andre etasje i Larsenbygget kan det innreiast 534 m2. Alle foto: Harald Johan Sandvik 

 I bankbygget var det første etasje som ville verta brukt, i lokala der Sparebanken og lensmannen held til no. Foto: Harald Johan Sandvik

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...
annonse
annonse

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil!

20.07.2018 Kjetil Rydland

Bobla med 2,4 liters motor er på plass i bilparken på Rydland, og meir eller mindre klar til Landsfinalen i august. Foto: Kjetil Rydland. Køyrde 700 km for å kjøpa ny løpsbil Sist...

Les meir ...
annonse